Arvid Hanssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arvid Hanssen
Arvid Hanssen bust.jpg
Fødd 28. juli 1932
Lenvik
Død

31. juli 1998
Dyrøy

Yrke skribent, lyrikar, barnebokforfattar
Born Arne Ivar Hanssen, Sigrid Merethe Hanssen
Arvid Hanssen på Commons

Arvid Hanssen (28. juli 193231. juli 1998) var ein norsk forfattar frå Senja, og statsstipendiat frå 1993. Hanssen var fødd i Vika i Lenvik.

Hanssen var ein folkekjær diktar som blant anna fekk fleire av dikta sine tonesette av Tove Karoline Knutsen, og for eksempel Kom sommarvind blei ein retteleg slager.

I tillegg til dikt skreiv han mange barnebøker med handlinga lagt til nordnorske miljø, på 70-talet kom dei ut på Norsk Barneblads forlag, seinare på J.W. Cappelens forlag. Den første vaksenromanen hans kom i 1981, Søsken på Guds jord. Romanen blei filmatisert av Laila Mikkelsen i 1983 med Anneli Drecker i ei hovudrolle.

Hanssen brann for å betre kåra til dei svakaste i samfunnet, særleg dei psykisk utviklingshemma, og det kjem tydeleg fram i fleire av bøkene hans, blant anna i romantriologien Søsken på Guds jord, Håpet har sterke hender og Englebrød. Bøkene hans har blitt omsette til dansk, svensk og samisk.

Arvid Hanssen nytta nynorsk i alle barnebøkene sine, mens romanane er skrivne på bokmål. Dikt- og visesamlingane er skrivne på dialekt. Han fekk Nynorsk barnelitteraturpris for dei to bøkene Kaldt hav og Den store båra, og Språklig samlings litteraturpris i 1989.

Arvid Hanssen var statsstipendiat frå 1993.

Lenvik kommune har kalla ein plass opp etter forfattaren, Arvid Hanssens plass. Han ligg utanfor Lenvik kulturhus på Finnsnes. Her er det reist ei byste av Hanssen.

Nordavindshagen, eller Arvid Hanssen-huset, som det også blir kalla, ligg i tettstaden Brøstadbotn i Dyrøy kommune. Nordavindshagen blei opna av kommunal- og distriktsminister Åslaug Haga under Dyrøyseminaret i oktober 2006. Nordavindshagen huser blant anna Arvid Hanssens dokumentasjonssenter.

Hausten 2007 kom biografien Arvid Hanssen. En biografi om min far (Cappelen forlag), skrive av sonen Arne Ivar Hanssen.


Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Barnebøker[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

Visesamlingar[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

Novellesamlingar og anna[endre | endre wikiteksten]

Lokalhistoriske bøker og skrifter[endre | endre wikiteksten]

  • 1968 Troms Innland Rutebil 50 år
  • 1973 Finnsnes og handelen
  • 1975 Samvirke på Finnsnes
  • 1979 Lenvik kirke 100 år
  • 1988 Troms Ungdomsfylkings historie

Musikkinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Andre innspelingar med Arvid Hanssen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]