Fredrik Skagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik Skagen
Skagen Fredrik.IMG 3248.JPG
Fødd 30. desember 1936
Trondheim
Død

20. juni 2017
Trondheim

Yrke skribent, manusforfattar, barnebokforfattar, bibliotekar
Fredrik Skagen på Commons

Fredrik Skagen (fødd 30. desember 1936 i Trondheim, død 20. juni 2017)[1]var ein norsk forfattar. Han er tidlegare bibliotekar og universitetsbibliotekar ved NTH. Skagen debuterte som forfattar i 1968. Han er ein av dei mest produktive, mest omsette og mest prisbelønna kriminalforfattarar i Noreg.

Skagen skapte i 1987 tildels sterk debatt med boka Purpurhjertene, som gav seg ut for å vera ei dokumentarisk attforteljing av ein nordmann sine opplevingar som amerikansk soldat i Vietnam. Boka vann forlaget Cappelen si tevling om beste dokumentarroman, men vart «omdefinert» til roman då det vart klårt at forfatteren var gjort til offer for ein svindel.

Mange av Skagens bøker inneheld referansar til eit felles univers rundt Trondheim politikammer som han deler med forfattarane Kim Småge, Idar Lind og Anne Birkefeldt Ragde.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Jakten etter AurigaRoman (1968)
  • Jeg vet en deilig have – Roman (1970)
  • Papirkrigen – Roman(1973)
  • UlveneKriminalroman (1978)
  • Forræderen – Kriminalroman (1979)
  • Alt står bra til med nordmenneneNoveller (1980)
  • Kortslutning – Kriminalroman (1980)
  • Viktor! Viktor! – Kriminalroman (1982)
  • Fritt fall – Kriminalroman (1983)
  • Tigertimen – Kriminalroman (1984)
  • Voldtatt – Roman (1985)
  • Døden i Capelulo – Kriminalroman (1986)
  • PurpurhjerteneRoman (1987)
  • Menneskejegeren – Kriminalroman (1988)
  • Alte Kameraden – Kriminalroman (1990)
  • Pelle MaradonaBarnebok (1990)
  • Landskap med kulehull – Kriminalroman (1991)
  • Å drepe en sangfugl – Noveller (1992)
  • Otto og røverne – Barnebok (1992)
  • Nemesis – Kriminalroman (1993)
  • Når sant skal siesOrdbok (1993)
  • Dødelig madonna – Kriminalroman (1993) (Saman med Gunnar Staalesen)
  • Skrik – Kriminalroman (1994)
  • Nattsug – Kriminalroman (1995)
  • Rekyl – Kriminalroman (1996)
  • Blackout – Kriminalroman (1998)
  • Drømmen om Marilyn – Roman (1998)
  • Blomster og blod – Kriminalroman (2000)
  • Blitz – Kriminalroman (2001)
  • Fri som fuglen – Kriminalroman (2002)
  • En by som ingen ainnen: Trondheim og jeg siden 1936 – Memoar/Dokumentar (2004)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Krimforfatter Fredrik Skagen er død». Adressa. 23. juni 2017. Henta 23. juni 2017.