Fridtjof Frank Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fridtjof Frank Gundersen
Fødd29. oktober 1934
Tynset
Død11. november 2011
Sandvika
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet, Høgre
Yrkepolitikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo

Fridtjof Frank Gundersen (29. oktober 193411. november 2011) var ein norsk politikar, jusprofessor, forfattar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han vart ofte omtala som «fri og frank».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gundersen studerte jus ved universitetet i Oslo, der han vart cand. jur i 1961, fullførte doktorgrad i 1973 og endeleg vart utnemnt til professor i rettsvitskap ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1975. Han var tilknytt NHH sidan, og fekk tittelen professor II i 2002. Dei viktigaste forskingsarbeida hans er gjort innan rettssystemet i EU. Gundersen vart vald inn på Stortinget som 10. representant for Akershus i perioden 1981-1985. Han var partilaus, men var innmeldt på programmet til Framstegspartiet. Etter å ha falle ut av Stortinget ein periode, vart han innvald att i 1989, og melde seg inn i Framstegspartiet året etter. Han vart sitjande på tinget fram til 2001, og hadde også plass i Utanrikskomitéen.

I 2001 meldte Gundersen seg ut av Framstegspartiet og forsøkte å starta si eiga valliste saman med andre FrP-utbrytarar. Gundersen ville kalla lista for Det Liberale Folkepartiet, men ho fekk til slutt namnet Oslolista. Då Gundersen ikkje nådde opp i dette valet, trekte han seg attende frå aktiv politikk.

Han har også site som formann og seinare æresemedlem i parlamentarikarforeininga til den vesteuropeiske unionen. Fridtjof Frank Gundersen døydde i 2011 etter lang tids sjukdom.[1]

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Ny solidaritet, 1966
  • Introduksjon til EEC. Rettslige og politiske spørsmål, 1968
  • Multinasjonale konserner og kontrollen med dem, 1970
  • EEC-håndboken, 2 bd., 1971
  • Kontrollen med karteller og storbedrifter, 1972
  • Hovedlinjer i avtaleretten, 1977
  • Hovedlinjer i forvaltningsretten, 1978 (4. utg. 1994)
  • Fri og frank på Tinget, 1985
  • EF-boken, 1989
  • Lov og rett for næringslivet, 1989 (3. utg. 1997)
  • Innføring i EØS og EF-rett, 1992

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar