Stortingets utanrikskomité
Stortingets utanrikskomité er ein tidlegare fagkomité på Stortinget. Han blei oppretta 22. oktober 1993, og avløyste då Stortingets utanriks- og konstitusjonskomité. Komiteen blei lagt ned 30. september 2009, og blei då erstatta av Utanriks- og forsvarskomiteen.
Arbeidsoppgåver
[endre | endre wikiteksten]Stortingets utanrikskomité handsama mellom anna saker om utanrikspolitikk, utviklingshjelp, internasjonale avtalar, Svalbard og polarområda. Utanrikskomiteen hadde 14 medlemmer. Desse var også medlemmar av Stortingets utvida utanrikskomité, og av EØS-utvalet. Utanrikskomiteen hadde hovudsakleg ein førebuande funksjon; den førebudde saker som skulle handsamast i plenum i Stortinget. Vidare hadde den i prinsippet ein kontrollfunksjon i det den hadde ansvaret for å føre kontroll med regjeringa sin politikk. Komiteen var vanlegvis ikkje eit forum for utanrikspolitisk debatt.
Den utvida utanrikskomiteen
[endre | endre wikiteksten]Viktige utanrikspolitiske, tryggingspolitiske og handelspolitiske saker blei drøfta med regjeringa i Stortingets utvida utanrikskomité. I den utvida komiteen sat dei vanlege medlemmane i utanrikskomiteen, og i tillegg Stortingspresidenten og visepresidenten (viss dei ikkje allereie var medlemmer av komiteen), vidare leiaren i forsvarskomiteen og inntil 11 medlemmar valde av Stortinget etter forslag frå valkomiteen. Medan utanrikskomiteen kunne beskrivast som ein saksførebuande komité, kunne den utvida utanrikskomiteen beskrivast som ein konsulterande komité. Her møtte gjerne utanriksministeren, men også forsvars- eller justisministeren for å gjere greie for aktuelle saker. Ved denne konsultasjonsrolla mellom regjering og storting skilde den utvida utanrikskomiten seg frå arbeidsmåten i dei andre stortingskomiteane. Den var ein politisk tung komité med mange medlemmer, og møta hadde ein formell hierarkisk struktur.[1]
Forhandlingane i den utvida komiteen var hemmelege, viss ikkje anna blei bestemt. Det same gjaldt for fellesmøte denne komiteen hadde med andre komitear. Leiaren kunne bestemme at også innkallinga til møtet skulle vere hemmeleg. [1] Regelen er at møtereferata ikkje skal offentleggjerast før etter 30 år. Hemmeleghaldet har fleire gongar blitt kritisert som unødvendig og udemokratisk.[2]
Den utvida utanrikskomiteen er vidareført i den noverande Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité, som har ei tilsvarande rolle og arbeidsmåte.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Komiteen skriv historia si tilbake til 1917 då det som skulle bli den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen blei oppretta med stortingspresident (seinare stats- og utanriksminister) Johan Ludwig Mowinckel som formann. Konstitusjons- og utanrikskomiteen, som den først heitte, blei oppretta som fast komité i 1923 ved utvidinga av konstitusjonskomiteen sine oppgåver, endra namn i 1925, og er teke inn i oversikta over Stortinget sine faste komitear i Stortinget i namn og tal for stortingsperioden 1925–1927 med Carl Joachim Hambro d.e. som formann.
Tre av formennene i perioden frå 1953 har vore statsminister: Gro Harlem Brundtland, Kåre Willoch og Thorbjørn Jagland. Tre har vore utanriksminister: Jan Petersen, Bjørn Tore Godal og Thorbjørn Jagland. Til saman har ni av dei sete i regjering. Av førkrigstida sine komitéformenn står Carl Joachim Hambro d.e. som den uomstridd leiande med 20-årsperioden 1925–1945, rett nok var fem av desse åra i eksil. Då han gjekk ut av Stortinget i 1957 (han var vald representant frå 1919) hadde han vore medlem av komiteen sidan opprettinga, altså i 34 år.
Auke i verksemda til komiteen
[endre | endre wikiteksten]Det internasjonale arbeidet i Stortinget blei i tiåra etter krigen stadig meir omfattande, også utanom verksemda til utanrikskomiteen. På byrjinga av 1980-talet oppretta Stortinget eit internasjonalt sekretariat leia av ein person med oppfølgingsansvar for den internasjonale verksemda til Stortinget elles. Utanrikskomiteen sin sekretær blei i 1983 leiar for dette internasjonale sekretariatet. I 1997 blei heile den internasjonale verksemda samla i ei avdeling med komitésekretæren som leiar også for denne nyoppretta internasjonale avdelinga.
I dag er komitésekretæren også avdelingssjef med to underlagde seksjonar – Internasjonalt sekretariat og Nordisk Råds sekretariat med i alt 17 tilsette. Komitésekretæren har dermed eit samla, koordinerande ansvar i administrasjonen for Stortinget si internasjonale verksemd. Avdelinga bistår utanrikskomiteen, den utvida komiteen og EØS-utvalet, og bistår også presidentskapen sitt internasjonale arbeid og delegasjonane til internasjonale parlamentariske forsamlingar – NATO, OSSE, Europarådet, Den interparlamentariske union, EFTA og EØS sine parlamentariske komitear og det bilaterale samarbeidet med Europaparlamentet, Nordisk Råd, Arktisk Råd, Barents-parlamentarikarsamarbeidet og Den parlamentariske østersjøkonferansen. I tillegg til komitésekretæren blir i dag tre medarbeidarar i avdelinga rekruttert frå utanrikstenesta. [3].
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Stortingets utanrikskomité hos Stortinget.no Arkivert 2020-10-25 ved Wayback Machine.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
- ↑ Anders C. Sjaastad: "Stortinget som utenrikspolitisk organ" i Fonn, Birgitte Kjos, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending: Norsk Utenrikspolitisk Praksis. Aktører og prosesser. Cappelen: Oslo, 2006
- ↑ Christian Syse (komitésekretær): upublisert notat, 2008