Frostating lagmannsrett
Frostating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg og har sete i Trondheim.
Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.
Jurisdiksjon
[endre | endre wikiteksten]Lagdømmet omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, jamfør oversikta nedst på sida over tingrettar som høyrer til Frostating lagdømme.
Organisering
[endre | endre wikiteksten]Domstolen held til i Trondheim tinghus og har faste rettsstader på Molde, i Kristiansund og i Ålesund. Den blir leidd av ein førstelagmann og har i tillegg to lagmenn og 16 fast utnemnde lagdommarar. Den har vidare ein administrasjonssjef og ti funksjonærar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet har domstolen fått frå det gamle Frostatinget som vart halde på halvøya Frosta i Trondheimsfjorden. Rettsdistriktet femner stort sett same området som høyrde under (Frostatinget) i seinare tid.
Førstelagmenn i Frostating lagmannsrett
[endre | endre wikiteksten]- Sverre Dragsten, 1991 - 2001
- Kjell Buer, 2001 - 2009
- Aage Rundberget, 2010 - 2014
- Sven-Jørgen Lindsetmo, 2014 -