Vegetarianisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vegetarianar)
Gå til: navigering, søk
Vegetarisk ståande buffé.
Lunsjmat merka som «vegetarian».
Vegetarisk ståande buffé.

Vegetarianisme eller vegetarisme er ein praksis der ein lever utan kjøt og eventuelt andre dyreprodukt i kosthaldet. I nokre høve omfattar det også avhald frå dyreprodukt innan andre bruksområde. Vegetarianisme er ein livsstil som ein kan velja ut frå etiske, filosofiske, ideologiske, religiøse, økonomiske, miljø- eller helseomsyn. Næringsmiddel som passar til ein vegetarisk livsstil blir kalla vegetarkost.[1][2]

Det finst fleire typar vegetarar eller vegatarianarar som har ulike restriksjonar på kva dei kan eta og eventuelt bruka. Tre hovudgrupper er:

  • Veganarar, som unngår alle typar dyreprodukt, ofte også frå andre produkt enn matvarer.
  • Laktovegetarar, som i tillegg til planteprodukt også et ein del mjølkeprodukt. Særleg utbreidd i asiatisk vegetarianisme.
  • Laktoovovegetarar, som et planteprodukt, mjølkeprodukt og egg. Utbreidd i moderne vestleg vegetarianisme.

Det finst også mange andre vegetariske diettar som byggjer på ulike trus-, ideologi- og kosthaldssystem. I tillegg finst det halv- eller semi-vegetarianarar som kan inkludera nokre kjøtprodukt, som fisk, sjømat eller kylling, i kosthaldet. Andre kan ha vegetarisk kosthald ein del av tida (til dømes i samband med faste) og ikkje ha restriksjonar elles.

Omgrepet «vegetarianisme» stammar frå 1840-talet. «Veganisme» blei danna som omgrep i 1944.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Filosofiske og andelege røter[endre | endre wikiteksten]

Vegetarianisme kan førast tilbake til antikken, der han blei forfekta av ulike greske retningar, og til det gamle India. Ein rekner også med at ei rekkje folk har brukt tidsavgrensa vegetarianisme for rituell reinsking og/eller i samband med prestefunksjonar.[1]

Avhald frå å eta kjøt og egg og motstande mot dyreoffer blei framhevd som frelsande både av Pytagoras og mange av dei som følgde han, og den samtidige rørsla orfisme, rundt 500-talet f.Kr. Seinare filosofar som Empedokles, Epikur, Plutark og nyplatonistane la også vekt på eit slikt kosthald. Eit vanleg moment i denne vegetariske rørsla var ideen om kosmisk harmoni og ofte eit syn på reinkarnasjon som sa at menneske kunne bli gjenfødde som dyr.[1]

Japansk vegetarisk tempel-middag.

Dei indiske Upanisjadane nemner reinkarnasjon som ein grunn til å ikkje eta kjøt.[4] Djain- og buddhistiske tekstar fortel at ikkje-vald mot dyr lenge har vore viktig, kanskje alt frå 500-talet f.Kr. og innan djainismen moglegvis endå lengre.[5] Asjoka-edikta til den buddhistiske keisaren Asjoka frå 200-talet f.Kr. omtalar mellom anna dyrevern og fortel at «kongen vår drap svært få dyr.»[6] Då den kinesiske buddhistmunken Faxian vitja Magadha på 400-talret kunne han rapportera at «folk unngår å ta liv […] Dei alar ikkje gris eller fjørfe eller sel noko dyr som mat.»[7] Vegetarianisme blei viktig i mange former for hinduisme, særleg blant religiøse asketar som yogiar og i høgstatuskastar. Skikken blei også spreidd med buddhismen til Kina og Japan, i nokre høve berre for munkar.[1] Det finst ulike former for asiatisk vegetarianisme, som typisk er lakto-vegetarisk. Nokre av dei ekskluderer alt ein må drepa for å eta det (til dømes rotvekstar som lauk), medan andre kan omfatta fisk.

I abrahamittiske religionar har vegetarianisme vore mindre viktig, sjølv om det finst nokre døme. Den hebraiske Bibelen fortel at menneska i Edens hage ikkje hadde ete kjøt. Blant nokre asketiske jødar og tidlege kristne blei kjøteting knytt til vondskap og grådigskap, og fleire kristne klosterordenar hadde forbod mot å eta kjøt. Vegetarianisme kunne vera del av dei periodiske fastane i det kristne Europa, men var ikkje lagt fram som eit heilskapleg kosthald eller knytt til religiøs utvikling. Vegetarianisme er ikkje utbreidd i islam, men nokre sufistar har hevda eit slikt kosthald er eit verkemiddel for andeleg søking.[1]

Europeisk interesse[endre | endre wikiteksten]

PETA-plakat for vegetarianisme.

Frå 1600-talet byrja ulike tankeretningar i Europa å interessera seg for «den pytagoreiske dietten» som seinare blei døypt vegetarianisme eller veganisme. Både ønskje om moralsk utvikling og ei nytt omsyn for dyrevelferd låg bak dette. Vegetariske kosthald blei teke i bruk av visse protestantiske grupper som ønskte å leva liv heilt utan synd, lovpriste av humanistar og filosofar som Voltaire og Bentham og utøvd av romantikarar som Percy Bysshe Shelley og Henry David Thoreau.[1] Schopenhauer meinte det var etisk rett å vera vegetarianar, men at menneske «i nord» ikkje ville kunne leva utan dyremat.[4]

I 1874 blei verdas første vegetariske selskap skipa i England (av Bible Christian sect). I 1889 blei første utgåve av Den internasjonale vegetariske unionen skipa.[1]

Vegetarianisme var knytt til måtehald, og blei gjerne sett i samband med fråhald frå alkohol. Det blei også teke i bruk som ei behandlingsform for ulike sjukdommar.[1] John Harvey Kellogg, som dreiv eit sanatorium, fann opp corn flakes som eit vegetarisk frukostalternativ på 1890-talet. På andre halvdel av 1900-talet blei vegetarianisme utbreidd saman med dei alternative protest- og miljøvernrørslene i samtida.[8] Vegetarianisme kunne vera ein protest mot intensivt industrijordbruk, mot brota mot dyrerettar som slakting nødvendigvis gjer, eller mot ineffektiviteten i å dyrka fôr til husdyr som gjene var haldne innandørs store delar av livet.[4] Atter andre kan unngå kjøt fordi dei misliker smaken.[9]

Helseomsyn[endre | endre wikiteksten]

Vegetariske kosthald kan både ha positive og negative innverknader på helsa. Studiar frå USA har tyda på at vegetarianarar har lågare risiko for hjarteåtak, andre hjarte- og karsjukdommar og overvekt enn altetarar.[9][10] På den andre sida kan vegetarisk og særleg vegansk kosthald lettare gje underskot på visse næringsmiddel som vitamin B12 og kalsium.[9] Dette kan hjelpast med kosttilskot som gjærprodukt, vitaminpiller og ulike matvarer med kostilsetjingar. I Vesten meinte ein lenge at eit fullstendig vegetarisk kosthald ikkje kunne gje ein nok proteinar. Dette blei avvist gjennom studiar i 1970-åra.[1]

Vegetarmat[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vegetarmat.
Indisk vegetarmat frå Andhra Pradesh.

Dei fleste mattradisjonar har nokre rettar som er vegetariske, og ein del er heilt vegetariske. Det er også blitt utvikla vegetariske versjonar av mange kjøtrettar, i nokre høve med kjøterstattingsprodukt laga med til dømes gluten eller soyabønner.

Vegetariske serveringsstader er blitt stadig meir utbreidde sidan slutten av 1900-talet. Dei kan ha band til vegetarrørsla på ulike vis eller ha religiøs tilknytting, som serveringsstader ved hindutempel, sikh-langarar eller jødiske kasjérstader som serverer mjølkeprodukt. Også buddhistisk mattradisjon omfattar mange vegetariske rettar.

Vegetarliknande kosthald[endre | endre wikiteksten]

I nokre jordbrukssamfunn kan kjøt vera heilt eller delvis fråverande frå kosthaldet. Folk i desse samfunna blir normalt ikkje rekna som vegetarar, sidan dei ikkje sjølv har vald eit slikt kosthald.

Andre folk kan eta vegetarmat, men i tillegg eta visse typar kjøt som fisk, sjømat eller kylling (kvitt kjøt). Desse kan kallast «semi-», «halv-» eller «ny-vegetarianarar».[11] [9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 «vegetarianism», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  2. Bjørneboe, Gunn-Elin. «Vegetarianer» (2. januar 2015), Store medisinske leksikon.
  3. «Definitions», International Vegetarian Society, ivu.org
  4. 4,0 4,1 4,2 Peter Singer. «vegetarianism», The Oxford Companion to Philosophy, Oxford University Press, 2005.
  5. Spencer p. 78-84; Tähtinen p. 106-107; Encyclopaedia of Religion and Ethics vol. 1 p. 231.
  6. Femte pillar. Rangarajan, M. (2001) 'India's Wildlife History, pp 8.
  7. Waley, Arthur: Did Buddha die of eating pork?, Mélanges chinois et bouddhiques, vol. 1931/32, p. 343-354. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  8. Sari Kamin, «Pythagoras' Other Theorem: A Short History of Vegetarianism», Huffington Post (04/29/2013).
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Michael Kent. «vegetarian», Food and Fitness: A Dictionary of Diet and Exercise, Oxford University Press, 1997.
  10. Tim Key, «vegetarian». Colin Blakemore & Sheila Jennett (red.), The Oxford Companion to the Body. Oxford University Press, 2001. Oxford Reference. 2003.
  11. Michael Kent. «semi-vegetarian». Food and Fitness: A Dictionary of Diet and Exercise. Oxford University Press, 1997. Oxford Reference. 2003

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vegetarianisme