Furugelmøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Furugelm
Lokalt namn: Фуругельм
Фуругельма остров, бухта Западная.jpg
Geografi
Furugelma island.jpg
Stad Japanhavet
Koordinatar 42°27′55″N 130°55′10″EKoordinatar: 42°27′55″N 130°55′10″E

Areal 1,9 km²

Høgaste punkt 120 moh.
Administrasjon
Land Russland
Kraj Primorskij

Furugelm (russisk Остров Фуругельма) er ei øy sørvest i Peter den store-bukta i Japanhavet, 110 km sørvest for Vladivostok. Ho høyrer til Khasanskij distrikt i Primorskij kraj i Russland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart skildra av sjømenn på fregatten «Pallada» 10. mai 1854 og kalla opp etter Ivan Vasiljevitsj Furugelm, kaptein på transportskipet «Knjaz Mensjikov», som høyrte til det russisk-amerikanske selskapet.

Etter 1922 då kolkhozsystemet og dei statlege fiskeselskapa dukka opp vart det oppretta fleire fiskefasilitetar på øya. Øya vart meir kjend då ein oppretta gardar for opprett av ville dyr, og særleg blåmink. Ei stund var alt vel, men etter kvart tok dei pelskledde dyra nesten livet av alt fugleliv, og det tok lang tid før koloniane kom seg att.

Etter at forholdet mellom Japan og Russland vart verre, vart det bygd mange kystforsvarsverk på Furugelm. Artilleribatteri og fleire antilandgangsforsterkingar vart bygd. Desse var i drift under Koreakrigen.

Mot slutten av 1970-åra vart garnisonen her nedlagd.

Det er i dag ingen fastbuande på øya. Sidan mars 1978 har området rundt øya vore ein del av Fjerneausten statlege sjøreservat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Furugelmøya er den sørlegaste øya i heile Russland, og ligg nesten på grensa til Nord-Korea. Denne siste biten av russisk landjord vert òg kalla «den siste russiske øya». Ho er ikkje stor, om lag 2,5 km lang og 1,5 km brei og relativt låg. På det høgaste er ho 120 meter over havet. Kysten består hovudsakleg av klipper. Øya er omgjeve av grunner som ligg mindre enn 10 meter under overflata. På vestsida ligg dei ei lita bukt med steinsøyler som stikk opp av vatnet og gjer skipsfart her farleg.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Øya er kjend for fuglekoloniane sine. Svarthalemåse (Larus crassirostris) utgjer meir enn 50 000 individ. Her finn ein òg brillelomvi og polarlomvi. Øya er òg stoppestad for mange trekkfuglar som står på raudelista, som stormsvale, havørn, storjo og rosenmåse.

I alt er det registrert meir enn 300 fugleartar på øya og 80 av dei hekkar her. I Russland finn ein ikkje så variert fugleliv ein gong i det fuglerike Volgadeltaet. Andre fuglar på øya er japantrane, kvitnakketrane, munkegribb, havørn, kongeørn og vandrefalk. Dei største koloniane av japansk skarv og svarthalemåse i verda er i dag på øya. I alt er det opp mot 100 000 fugleindivid i koloniane på øya i mai og juni.

Av pattedyr på øya finn ein markmus og sivmus (Microtus fortis).

På Mikhelsonskjera, ikkje langt frå øya, lever sel. Desse er ikkje redd for menneske sidan det ikkje vert drive jakt på dei området, og lèt seg derfor verte teke bilete av.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Den kaldaste månaden i året er januar, då lufttemperaturen i snitt er -11 °C. Den varmaste månaden er august med ein middeltemperatur på 21 °C.

Sjøtemperaturen i august kan verte 23-25 °C.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]