Fustvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fustvatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vefsn
Høgd over havet 39 moh
Areal 10,59 km²
Kystlengd1 27,91 km
Koordinatar 65°54′04″N 13°23′26″EKoordinatar: 65°54′04″N 13°23′26″E
Øyar Granholmen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Fustvatnet er ein triangelforma innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland.

Europaveg 6 passerer på vestsida av vatnet, gjennom Fustvassbygda. Sør for vatnet ligg bygda Herringen. Den mindre bygda Tverrlandet ligg på nordaustsida.

Fustavassdraget[endre | endre wikiteksten]

Fustvatnet er den største og nedste innsjøen i Fustavassdraget. Dei øvrige er Litle Luktvatnet (øvst), Luktvatnet, Ømmervatnet og Mjåvatnet. Fustvatnet har namnet sitt frå elva Fusta som renn frå Fustvatnet og munnar ut i Vefsnfjorden ved Skaland i Vefsn. Namnegranskarar held på at namnet Fusta kjem av adjektivet fus eller verbet fusa, som tyder 'haste', 'skunde seg'[1].

Fleire elvar og bekkar renn ut i Fustvatnet. Straumen er den vesle elvebiten som går frå Mjåvatnet til Fustvatnet, og er ein del av hovudvassdraget. Straumen har gjeve namn til garden Straum som ligg like ved. Det er berre ein meters fall mellom Mjåvatnet og Fustvatnet, men trass dette har dette vesle stryket tatt liv i historiske tider. Den største sideelva er Herringelva. Ho er kjend for meandersvingane sine. Inst i Herringen ligg Herringen naturreservat, eit freda hekkeområde for fugl. Ho renn ut i Fustvatnet ved garden Brekka. Her renn òg den mindre elva Brekkelva ut i Fustvatnet. Ho kjem frå Kalvdalen og renn ned mot Fustvatnet nedover fjellsidene. Brekkforsen var eit velkjend landemerke for vegfarande i tidlegare tider. Baåga er ei mindre elv som renn gjennom Hellfjellbygda og som ligg på vestsida av Fustvatnet. Ho renn ut i Fustvatnet ved Baågneset.

Heile vassdraget er varig verna mot kraftutbygging.

Fustvatnet er naturleg delt inn i tre delar, Litlvatnet, Storvatnet og Risnesvatnet. Litlvatnet ligg i nordenden av innsjøen, Risnesvatnet i sørvestenden og resten av innsjøen går som Storvatnet. Omtrent midt i innsjøen mellom Myrnes og Aspnes ligg Granholmen som er den einaste øya i Fustvatnet. Det djupaste punktet ligg ved Hestskardberga mellom Myrnes og Risnes på sørsida av Fustvatnet.

Fustvatnet er omringa av fleire fjell og åsar. I sør ligg Vardfjellet, Kjemsåsen, Reinfjellet, Brurskanken og Kjerringtinden. På austsida ligg Stigfjellet, Brekkfjellet, Smedsengfjellet og Mjåvassfjellmassivet. På toppen av Mjåvassfjellet tronar den majestetiske Dåertinden på 1346 m. På vestsida ligg Baåsen og Hellfjellet samt nokre mindre åsar.

Fisk og fugl[endre | endre wikiteksten]

Fiskeslag i Fustvatnet er aure, røye og trepigga stingsild. Det har i tidlegare tider òg vore laks i innsjøen, men lakseparasitten gyrodactylus salaris har spreidd seg inn i vassdraget frå Vefsnavassdraget. Derfor har laksetrappa i Jomfruremforsen vorte stengd og laks kjem ikkje opp i innsjøen. Sjøaure vert til tider sortert ut og kasta over stengselet for hand.

I råkene ved utløpet av vatnet samlar det seg mange songsvaner i vintermånadene.

Folkeliv[endre | endre wikiteksten]

Fastbuande i området jobbar for det meste i Mosjøen. Lokalt næringsliv er for det meste jordbruksretta, men det er òg ein campingplass på Aspneset og kiosk i Åkvika. Dessutan ligg Nestby Trevarefabrikk i Hellfjellbygda.

Baågneset er kjend både som badeplass og for bygdehuset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reidar Svare 1964 Gamle stadnamn i Vefsn