Fylkesveg 5442
| Brua er ikkje del av Fv5442, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua. | |||
| Strekning | |||
|---|---|---|---|
| Matre i Masfjorden–Ortnevik i Høyanger | |||
| Informasjon | |||
| Status | fylkesveg | ||
| Fylke | Vestland | ||
| Restriksjonar | |||
| Vinterstenging | Bjordal-Stordalen | ||
Fylkesveg 5442 i Vestland fylke går mellom Matre i Masfjorden og Ortnevik i Høyanger.
Det er ikkje bygd veg mellom Ortnevik og Nese i Vik, men på bestemde vekedagar er det båtsamband mellom Ortnevik og Vik som kan ta med bilar.[1]
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 5442 står av fylgjande gamle fylkesvegar:[2]
- Del av gamle Fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane: Ortnevik – Hest – gamle fylkesgrensa mot Hordaland ved Stordalsvatnet (44,2 km)
- Fylkesveg 381 i Hordaland mellom Matre i Masfjorden kommune og den gamle fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane ved Stordalsvatnet (15,2 km)
Historikk
[endre | endre wikiteksten]I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[3]
Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traséen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet Svartemyr-Nordeide, og same året vart vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk. På dette tidspunktet hadde Ikjefjord vegløysing til Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og ferjesambandet Lavik-Oppedal-Brekke.
Med åra etterpå vart fleire strekningar ferdigbygde: i 1976 Bjordal–Søreide, 1980 Mjølsvik–Ortnevik, og ferjesambandet Ortnevik-Nordeide opna i 1982. Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[3]
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]
Masfjorden
Stordalsvegen
Matre i Masfjorden
Matredal bru I over Matreselva (33 m)
Fossen bom (vinterstengd Fossen-Halsen)
Haugehøl bru over Matreselva (22 m)
Kleivhølen bru over Matreselva (25 m)
Høyanger
Stordalsvegen
- Stordalsvatnet
- → veg til Stordalen fjellstove
Krokevasselva bom (vinterstengd Krokvasselva-Førde)
Krokevasselva bru over Krokevasselva (30 m)- Bjørkelia
- Fjordsvegen
Nystølen
Førde bom (vinterstengd Førde-Krokvasselva)
Blombakktunnelen (303 m)
Dørefjelltunnelen (800 m)
Halsen bom (vinterstengd Halsen-Fossen)- Fv5586 Hest → Sørsidevegen til
Ytre Oppedal i Gulen kommune (30,3 km) - Sørsidevegen
- Bjordal
Bjordalstunnelen (1,6 km)- Søreide
Søreidetunnelen (1,9 km)- Vamråk
Vamråktunnelen (240 m)- Mjølsvik
- Endepunkt Ortnevik ferjekai
- → Kommunal veg vidare til Ortnevik
- →
Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger (ikkje alle avgangar kan ta bilar, bilplass må reserverast. Sjå Skyss.)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skyss rute 1190
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Arkivert frå originalen 20. juni 2019. Henta 4. august 2022.
- 1 2 Kristin Ese (2005). «Sørsidevegen i Høyanger». Fylkesarkivet i Vestland. Henta 25. januar 2016.