Bjordal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°4′33″N 5°49′45″E

Bjordal kyrkje
kyrkje
Bjordal kyrkje.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Høyanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Bjordal og Ortnevik
Fellesråd Høyanger
Type Langkyrkje
Arkitekt Victor Nordan
Material Tre
Innvigd 1. november 1906
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 167
Wikimedia Commons: Bjordal kirke

Bjordal kyrkje er ei langkyrkje frå 1906 i bygda Bjordal ved Fuglsetfjorden på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane.

Bjordal kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Bjordal kyrkje på kart over Sogn og Fjordane

Arkitekt for bygget var Victor Nordan. Kyrkja er i tre og ligg fint til med utsyn over dalen og fjorden. Kyrkja er den fyrste på staden, og før ho vart bygd sokna folket i området til Kyrkjebø kyrkje på nordsida av Sognefjorden, ei lang båtferd unna.

Bjordal kyrkje er i lag med Ortnevik kyrkje soknekyrkjer i Bjordal og Ortnevik sokn i Sunnfjord prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Lavik prestegjeld.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]