Hopp til innhald

Fylkesveg 710

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 710
710


Strekning
Krinsvatn, Indre FosenGjølme, Orkdal
Informasjon
Lengd88,6 km
Statusfylkesveg
Ferjestrekningar1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 710
Sjå òg Fylkesveg 710 (fleirtyding)

Fylkesveg 710 (Fv710) går mellom Krinsvatnet i Rissa og Gjølme i Orkdal. Vegen (bortsett frå ferjestrekninga) er 88,6 km lang.

Han tar av frå europaveg 39 ved Gjølme og følgjer vestsida av Orkdalsfjorden og Trondheimsfjorden til Valset. Frå der går det ferje til Brekstad i Ørland der vegen går vidare forbi Opphaug og Botngård til han møter riksveg 715 ved Krinsvatnet i Indre Fosen.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma tredde i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Indre Fosen
Bjugn
Austråttborgen
Ørland
Valset ferjeleie
Agdenes
Orkdal
Fv710 tar av fra E39 i Gjølme. E39 tar av mot vest midt i bilete mot dalen til høgre

Tidlegare RV710

[endre | endre wikiteksten]

Då riksvegane vart innført i Noreg, fekk vegen frå RV50 på Stjørdalshalsen til Kopperå jb.st. i Meråker nr. RV710. Den nye mellomriksvegen som vart opna i 1958 og gjekk heilt til riksgrensa på Storlien fekk deretter same nr. Den vegstrekninga fekk nr. E75 i 1965. Då vart nr. RV710 teke ut av bruk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]