Torkell Mauland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torkell Mauland
Fødd 3. januar 1848
Død

31. mars 1923

Yrke politikar

Torkell Tønnesson Mauland (3. januar 184831. mars 1923) var ein lærar, folkeminnesamlar og historikar frå Time i Rogaland.

Mauland var odelsgut til garden Mauland. 14 år gammal gjekk han i lærarskule hos Velle Vellesen og var deretter lærar i heimbygda i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans. Mauland gjekk på Holt seminar 1867-69 og arbeidde sidan som lærar i Høyland, i Stavanger og frå 1875 til -91 var han styrar ved amtsskulen i Ryfylke. Han var så lærar ved Klæbu seminar eitt år, deretter lærar i Aure 1892-97 og til sist i Kristiania.

Frå 1913 vigde han seg til innsamling av folkeminne og skriving av historiske artiklar og verk. Mauland fekk årlege statsstipend frå 1914. Han arbeidde mykje i Riksarkivet med kjelder frå Rogaland. Allereie i 1911 gav han ut boka Trolldom, om hekseprosessar i fylket. Han skreiv om lensmenn og prestar og noko slektshistorie; mellom anna om Garborg-ætta, prenta i Syn og Segn 1911. Etter han døydde vart tre band folkeminne frå Ryfylke utgitt av Norsk Folkeminnelag: Folkeminne fraa Rogaland I-III (1928–35).

Mauland var vararepresentant til Stortinget for Venstre 1886-88. Han var styremedlem for Det Norske Samlaget 1906-16 og deltok aktivt som kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i hovudstaden 1903-21. For Samlaget gjekk han saman med Alexander Seippel gjennom bibelomsetjinga.

Han døydde i Asker i 1923, der han hadde budd sidan 1912.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]