Georg Ossian Sars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå G.O. Sars)
Hopp til navigering Hopp til søk
Georg Ossian Sars
G-O-Sars.jpg
Fødd20. april 1837
Florø, Kinn
Død9. april 1927
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdemarinbiologi, zoologi
Yrkemarinbiolog, freshwater biologist, universitetslærar, zoolog, karsinolog, illustratør
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemVitskapsakademiet i St. Petersburg
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Royal Society of Edinburgh
Kungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Georg Ossian Sars, ofte omtala som G.O. Sars (20. april 18377. april 1927), var ein norsk marinbiolog. Han vart fødd i Florø, og foreldra hans var ikkje heilt ukjende Michael Sars (1805 - 1869) og Maren Cathrine Welhaven Sars (1802-1889). Bror hans var historikaren Ernst Sars.

Som far sin var G. O. Sars ein systematisk biolog som beskreiv ei røys med nye artar, særleg innanfor krepsdyr som muslingkreps (Ostracoda), mysidar og kril.

Då Michael Sars døydde i 1869 overtok sonen arbeidet hans med å studera variasjonar i norsk torskefangst. På denne tida var torsk den viktigaste norske eksportartikkelen, og kunnskap om bestandane var avgjerande for å kunne ha oversikt over økonomien. Georg Sars fekk såleis æra av å reknast som den første som gjorde eit seriøst studium i fiskerivitskap.

G.O. Sars var tilhengjar av evolusjonsteorien til Charles Darwin, og var den fyrste nordmannen som føreleste om han. Det skjedde ved Universitetet i Oslo.

Forskingsskipet «FF G.O.Sars» til Universitetet i Bergen er oppkalla etter han. Eit nytt skip med same namn erstatta i 2003 det tretti år gamle «G.O.Sars».