GRU

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GRU sitt emblem - militær etterretning og SPETSNAZ

GRU (russisk ГРУ, akronym av Гла́вное Разве́дывательное Управле́ние, Glavnoje Razvedyvatelnoje Upravlenije (norsk: 'Hovuddirektorat for etterretningstenesta') var Sovjetunionen si militære etterretningsteneste. Frå 2017 heiter det berre Hovuddirektoratet. Dei fleste, jamvel dei fleste russarar, nyttar likevel framleis den gamle nemninga: GRU.

GRU vart oppretta i 1918 av Lenin for å ta hand om all militær etterretning. Det opererte gjennom underavdelingar over heile verda, mellom anna i signaletterretningsstasjonen på Cuba og i det tidlegare Sovjetunionen, særleg i Litauen og Latvia. Vidare hadde GRU plassert offiserar på dei fleste sovjetiske ambassadar, og desse hadde ansvar for innsamling av etterretningsmateriale og samarbeid med, eventuelt motarbeiding av, dei lokale etterretningstenestene.

GRU har mellom anna det overordna operative ansvaret for spesialstyrkene (SPETSNAZ). Av kjende GRU-agentar kan nemnast svenske Stig Wennerström.

Emblem[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]