Gea Norvegica Geopark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geopark Mølen i Brunlanes i Larvik kommune.
Foto: Arnstein Rønning

Gea Norvegica Geopark er ein geopark i Noreg. Han er eigd av kommunane Bamble, Kragerø, Larvik, Nome, Porsgrunn, Silje og Skien, samt av fylkeskommunane Telemark og Vestfold.

Parken vart offisielt opna 16. juni 2008 av næringsminister Dag Terje Andersen, men vart den første UNESCO-godkjende geoparken i Skandinavia då han vart teken opp i European Geoparks Network (EGN) i 2006. Området dekkjer om lag 3000 km².

Gea Norvegica Geopark har eit stort geologisk mangfald og omfattar mange landskap, geologiske område, geologiske aldrar og er forma av mange ulike geologiske prosessar. Geoparken skal stimulere til formidling av naturvitskap og teknologi og gje auka forskingsinnsats i området. Parken har som mål å samarbeide med universitet i Noreg og i utlandet, samt at han skal medverke til å gjere området meir attraktivt som turistmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]