George Biddell Airy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Biddell Airy
George Biddell Airy.jpg
Fødd 27. juli 1801
Alnwick
Død 2. januar 1892
Greenwich
Nasjonalitet Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Yrke matematikar, astronom, fysikar, universitetslærar
Institusjonar University of Cambridge
Alma mater Colchester Royal Grammar School
Trinity College i Cambridge
Medlem Royal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det bayerske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
American Academy of Arts and Sciences
Royal Irish Academy
Det russiske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

George Biddell Airy (27. juli 18012. januar 1892) var ein britisk astronom.

Airy var professor i Cambridge frå 1826 til 1835 og Astronomer Royal og direktør for Greenwich-observatoriet frå 1835 til 1881. Han rekna det å finne posisjonane til himmellekamane som hovudoppgåva til observatoriet. Han vart kritisert for å halde attande føreseiinga til John C. Adams om Neptun slik at planeten vart funnen på basis av samsvarande utrekningar av den franske astronomen Urbain Leverrier. Det viktigaste arbeidet til Airy låg innafor himmelmekanikk, men namnet hans vert no mest knytt til optikk, særleg teorien for astigmatisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]