George Bohanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Bohanon
Fødd7. august 1937 (84 år)
FødestadDetroit
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka somjazzmusikar, universitetslærar

George Roland Bohanon jr. (fødd 7. august 1937) er ein USA-amerikansk jazztrombonist og studiomusikar frå Detroit i Michigan.[1]

Tidleg i 1960-åra spelte han i Detroit's Workshop Jazz ensemble med Johnny Griffith, Paula Greer, David Hamilton, Lefty Edwards og Herbie Williams.[2] Etter å ha spelt på fleire Motown-innspelingar, i lag med leiande musikarar som Hank Cosby frå Funk Brothers, flytta han til California.[3]

I 1962 erstatta han Garnett Brown i Chico Hamilton Quintet.[4] I 1963 og 1964 spelte han inn to album for den mislukka Motown-jazzetiketten Workshop.

I 1971 vart han medlem av Ernie Wilkins Orchestra, og spelte i lag med trombonisten Benny Powell, som akkompagnerte Sarah Vaughan på albumet hennar A Time in My Life.[5]

Mellom 1984 og 1993 spelte han i orkestera som akkompagnerte Frank Sinatra.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1963: Boss: Bossa Nova (Workshop Jazz)

Med Karma

  • Celebration (Horizon/A&M, 1976)[7]
  • For Everybody (Horizon/A&M, 1977)[8]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feather, Leonard og Ira Gitler (1999) The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press. At Google Books. Henta 20. september 2020.
  2. Dahl, Bill (2001) Motown: The Golden Years, P. 21. Krause Publications At Google Books. Henta 20. september 2020.
  3. Dahl, Bill (2001) Motown: The Golden Years, P. 64. Krause Publications At Google Books. Henta 20. september 2020.
  4. Yanow, Scott (2003) Jazz on Record: The First Sixty Years, p. 631. Backbeat Books
  5. Gourse, Leslie (2009) Sassy: The Life of Sarah Vaughan, p- 274. Da Capo Press At Google Books. Henta 20. september 2020.
  6. Do Nascimento Silva, Luiz Carlos (2000) Put Your Dreams Away: A Frank Sinatra Discography. Greenwood Publishing Group At Google Books. Henta 20. september 2020.
  7. Karma - Celebration (LP liner notes). Horizon/A&M Records. SP-713
  8. Karma - For Everybody (LP liner notes). Horizon/A&M Records. SP-723