George Wade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Wade

Fødd1673
FødestadCounty Westmeath
Død14. mars 1748
DødsstadLondon
Rangfeltmarskalk
EiningBritish Army
KonfliktarDen austerrikske arvefølgjekrigen, Jakobittopprøra

Sir George Wade (167314. mars 1748) var ein britisk feltmarskalk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

George Wade var fødd på Irland i 1673. I 1690 blei han fenrik i hæren, og oppnådde under krigen i Nederland kapteingrad i 1695. I 1705 blei han send som oberst til Portugal. Der og i Spania kjemoa han med utmerking. I 1708 blei han brigadegeneral, og same året deltok han som lord Stanhope sin næraste mann i erobringa av Menorca. I 1710 leia han eit viktig befal i slaget ved Zaragoza. I 1714 blei han generalmajor. I 1715 blei han vald inn i underhuset, som han sat i fram til han døydde.

Wade fekk den svenske ministeren i London Carl Gyllenborg arrestert for eit jakobittisk komplott i januar 1717. I 1719 deltok han i ekspedisjonen til Vigo under Kvadrupelalliansekrigen.

I 1722 blei han parlamentsmedlem for Bath,[1] og sat i 25 år. Huset hans, som er bygd rundt 1700 og ligg like ved Bath Abbey, er no ein verna bygning etter Grade I.[2][3]

I 1724 blei han send til det skotske høglandet av styresmaktene for å inspisera brakker, bruer og vegar. I løpet av dei neste tolv åra leia Wade bygginga av rundt 240 mile (390 km) vegar og 30 bruer (medrekna Wade's Bridge ved Aberfeldy). General Wade sine såkalla military roads band saman garnisonane ved Ruthven, Fort George, Fort Augustus og Fort William.[4] Vegane gjorde denne tidlegare utilgjengelige landsdelen mykje mindre isolert.

Wade skipa også ein milits kalla Highland Watches, og fekk medlemmar av landadelen til å gå inn i han.[5] Han oppretta dei fyrste seks kompania i 1725 (tre frå Clan Campbell og eitt kvar frå Fraser, Grant og Munro).[6] Same året slo Wade ned ein oppreist mot styresmaktene sitt forsøk på å utvida den såkalla malt-skatten til Skottland då opphissa innbyggjarar i Glasgow dreiv ut militæret og øydela heimen til parlamentsmedlemmet deira.[7] Han blei forfremja til generalløytnant 15. april 1727.[8]

1. juni 1732 blei han guvernør for Berwick upon Tweed,[9] og 19. juni 1733 blei han guvernør for Fort William, Fort George og Fort Augustus.[10] Han blei forfremja til general of horse 17. juli 1739.[11] 24. juni 1742 blei han utnemnd til det kongelege rådgjevarrådet, Privy Council.[12]

Wade blei feltmarskalk i 1743, og var britisk befalhavar i Flandern mot marskalken av Sachsen 1743-1744, under Den austerrikske arvefølgjekrigen. Han organiserte eit framstøyt mot Lille i juli 1744, men forsøket stoppa på grunn av logistikkproblem. Han tok avskil frå stillinga i mars 1745, og vende heim for å bli Commander-in-Chief of the Forces. I oktober 1745 fekk han ansvar for å hindra pretendenten Karl Edvard Stuart å invadera England frå Skottland under jakobittopprøra. Wade heldt dei fleste av troppane sine i Newcastle upon Tyne på austkysten av England, men jakobittane drog langs vestkysten av England via Carlisle inn i Lancashire. Wade klarte ikkje å stoppa den raske framrykkinga eller tilbaketrekkinga deira frå Derby til Skottland. Mennene hans leid av kulde og svolt, og sleit med å marsjera tvers over landet. Wade blei erstatta som kommandør av hertugen av Cumberland, prins William, som slo ned opprøret i slaget ved Culloden i april 1746.[13]

Vanskane med å marsjera tvers over landet førte til meir vegbygging, den såkalla Military Road frå Newcastle til Carlisle, som bidrog til å øydeleggja den romerske Hadrianmuren. Wade bidrog til å planleggja vegen, men døydde før ein byra bygga han i 1751.[14]

Wade døydde ugift i 1748, og er gravlagd ved Westminster Abbey, der han er minna ved eit minnesmerke av Louis-François Roubiliac.[15]

Han hadde fire born utanfor ekteskap, kapteinane William og John Wade og døtrene Jane Erle og Emilia. Wade etterlet det meste av eigedelane sine til barna sine, men gav også ein god del til enkja og barna til bror sin, William, Canon of Windsor, i Berkshire.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «No. 6045». The London Gazette: 4. 24. mars 1722. 
  2. «Marshal Wade's House». Images of England. English Heritage. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 25. juli 2009. 
  3. Dargan, Pat (2018). Bath in 50 Buildings. Amberley Publishing. ISBN 9781445659640. 
  4. Mackenzie, Sir Kenneth (13. april 1897). Paper entitled General Wade & his Roads. Inverness Scientific Society. 
  5. «Highlander: The History of the Legendary Highland Soldier» (PDF). British Commission for Military History. Autumn 2009. Henta 5 May 2012. [daud lenkje]
  6. «The Black Watch Regiment (1739-2006)». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 5. mai 2012. 
  7. Chalmers, p.871
  8. «No. 6572». The London Gazette: 3. 11. april 1727. 
  9. «No. 7097». The London Gazette: 1. 3 June 1732. 
  10. «No. 7205». The London Gazette: 1. 16. juni 1733. 
  11. «No. 7823». The London Gazette: 1. 14. juli 1739. 
  12. «No. 8130». The London Gazette: 1. 22. juni 1742. 
  13. Pollard p. 41–42
  14. Spain, GRB. «The original survey for the Newcastle-Carlisle military road.». Archaelogica Aeliana. Series 4 xiv: 17. 
  15. Hiatt, p.4
  16. «George Wade». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. 2004. doi:10.1093/ref:odnb/28377. 
  • Denne artikkelen bygger på «George Wade» frå Wikipedia på engelsk, og «George Wade» frå Wikipedia på svensk den 21. juni 2022.
  • Chalmers, George (1887). Caledonia, or, A historical and topographical account of North Britain, vol. 2. 
  • Heathcote, Tony (1999). The British Field Marshals 1736-1997. Pen & Sword Books Ltd. ISBN 0-85052-696-5. 
  • Hiatt, Charles (2009). Westminster Abbey : a short history and description of the church and conventual buildings with notes on the monuments. Forgotten Books. ISBN 978-1-4400-3478-7. 
  • Pollard, Tony (2009). Culloden: The History and Archaeology of the last Clan Battle. Pen & Sword Military. ISBN 978-1-84884-020-1. 
  • Rodger, Nicholas (2006). Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815. Penguin Books. ISBN 978-0-14-102690-9. 
  • A copy of the Royal Charter establishing a hospital for the maintenance and education of exposed and deserted children. 1739.