Moritz av Sachsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moritz av Sachsen
(tysk Moritz von Sachsen, fransk Maurice de Saxe)

Fødd28. oktober 1696
FødestadGoslar
Død30. november 1750
DødsstadChâteau de Chambord
Rangmarskalk av Frankrike, Marshal General of France
KonfliktarDen polske arvefølgjekrigen, Den spanske arvefølgjekrigen, Den store nordiske krigen, Den austerriksk-tyrkiske krigen, Slaget ved Fontenoy, Slaget ved Roucoux, Slaget ved Lauffeld, Siege of Maastricht
Adelstittelgreve

Moritz av Sachsen (28. oktober 169620. november 1750) var ein fransk general som var marskalk og seinare generalmarskalk av Frankrike.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Moritz vart fødd i Goslar, som ein uekte son av August den sterke, konge av Polen og og kurfyrste av Sachsen, og grevinne Maria Aurora av Königsmarck. Han vart den første av åtte utanomekteskaplege born som August anerkjende, men det kan ha vore så mange som 354 i følgje mellom anna Wilhelmine av Bayreuth.

I 1698 sende grevinna han til faren i Warszawa. August hadde vorte vald til konge av Polen året før, men dei usikre forholda i landet gjorde at Moritz stort sett levde ungdomen sin utanfor Polen. Fråværet frå faren gjorde han sjølvstendig og hadde ein viktig innverknad på den framtidige karrièren hans.

Militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tolv år gammal tente Moritz i hæren til Eugene av Savoie under omleiringane av Tournai og Mons, og under slaget ved Malplaquet. Berre 13 år gammal skal Mauritz ha hatt eit kort forhold til jenta Rosette Dubosan frå Tournai, og dei fekk ei dotter i lag som vart fødd 27. juni 1710 i Brussel, og døydde der i februar 1711.[1]

Då han kom tilbake til leiren til dei allierte i byrjinga av 1710 viste han eit så drivkraftig mot at fyrst Eugene formante han om å ikkje forveksle tankeløyse med mot.

Han tente så under Peter den store mot svenskane. I 1711 vart han formelt anerkjend av August og Mauritz fekk graden greve. Han følgde så faren til Pommern, og i 1712 tok han del i omleiringa av Stralsund. 17 år gammal, i 1713, kommanderte han sitt eige regiment.

12. mars 1714 vart det arrangert eit bryllaup mellom han og ei av dei rikaste emna til faren, grevinne Johanna Viktoria Tugendreich av Löben, men han brukte opp rikdomen hennar så raskt at han snart var i stor gjeld. Året etter, 21. januar 1715, fekk han ein son, kalla August Adolf etter bestefaren, men barnet levde berre nokre timar. Etter dette, i 1721, vart ekteskapet deira annullert.

Etter å ha tent i felttoget mot tyrkarane i 1717, reiste han til Paris for å studere matematikk, og i 1720 vart han utnemnd til maréchal de camp. I 1725 var han ein av kandidatane til å bli vald som hertug av Kurland, etter at hertuginne Anna Ivanovna gav han handa si. Han vart vald til hertug i 1726, men avslo giftarmålet med hertuginna. Ho kravde tittelen tilbake, men med eit lån på 30 000 pund, som han fekk av den franske skodespelarinna Adrienne Lecouvreur, klarte han å stille ein styrke som han verna hertugdømet sitt med til 1727, då han trekte seg tilbake og flytta til Paris.

den polske arvefølgjekrigen braut ut tente Moritz under marskalk Berwick, og etter å ha vist glimrande leiarskap under omleiringa av Philippsburg vart han forfremma til generalløytnant. Under den austerrikske arvefølgjekrigen tok han kommando over ein divisjon som vart send for å invadere Austerrike i 1741, og 19. november 1741 overraska han Praha om natta, og erobra byen før garnisonen der var klar over at fienden var nær, eit såkalla coup de main som gjorde han kjend i heile Europa. Etter å ha erobra festninga ved Eger (Cheb) den 19. april 1742 fekk han permisjon og reiste til Russland for å gjere vidare krav på Hertugdømet Kurland, men returnerte etter at han ikkje kom noko veg i den saka.

Moritz sine bedrifter var dei einaste vellukka handlingane i eit elles mislukka felttog, og 26. mars 1743 gjorde dette at han vart forfremma til marskalk av Frankrike. Frå den tid vart han ein av dei største generalane på denne tida. I 1744 vart han vald til å kommandere felttoget mot Storbritannia på vegner av James Francis Edward Stuart, The Old Pretender, som vart samla ved Dunkerque, men kom ikkje vidare frå her. Etter at felttoget vart avbrote fekk han sjølvstendig kommando i Nederland, og med kløktig manøvrering klarte han kontinuerleg å plage dei langt større fiendtlege styrkane, utan å risikere eit avgjerande slag.

Året etter la Sachsen omleiring på Tournai og påførte hæren til hertugen av Cumberland fleire store tap under slaget ved Fontenoy, eit møte som heilt og halde vart avgjort av viljestyrken og den avslappa leiarskapen hans. Under slaget kunne han ikkje sitje på hesteryggen på grunn av ødem, og vart boren rundt i ei korgvogn.

Grava til Moritz av Sachsen i St. Thomas-kyrkja i Strasbourg, av Jean-Baptiste Pigalle.

For gjerningane hans i Nederland tildelte kong Ludvig XV av Frankrike han Chateau de Chambord for livstid, og i april 1746 vart han naturalisert som fransk borgar. Fram til slutten av krigen heldt han fram som kommandant i Nederland og hadde alltid suksess. Utanom Fontenoy vann han ved Rocoux (1746) og Lauffeld eller Val (1747), og det var etter hans ordre at marskalk Löwendahl erobra Bergen op Zoom. Sjølv vann han det siste store slaget i krigen med å erobre Maastricht i 1748. I 1747 fekk han tittelen som ein gong vart halden av Turenne og Villars, «Generalmarskalk av Frankrike». Berre tre år seinare, 20. november 1750 døydde han ved Château de Chambord «av roten feber».

Dei siste åra av livet sitt hadde Moritz ein affære med ei fransk kvinne, Marie Rinteau de Verrieres, som på denne tida berre var 18 år gammal. I 1748 gav ho han ei dotter, den siste av fleire uekte born av Moritz. Ho vart kalla Maria Aurora (fransk Marie Aurore) etter bestemora. Det første året hadde ho etternamnet de la Riviere, før faren like før han døydde anerkjende ho som dottera si og gav ho etternamnet de Saxe. Gjennom det andre ekteskapet med Claude Dupin de Franceuil, vart Marie Aurore bestemor til Amandine Lucile Aurore Dupin, som seinare vart den kjende forfattaren George Sand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moritz av Sachsen