Geraint Watkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geraint Watkins
Geraint-watkins-1350317713.jpg
Fødd5. februar 1951 (68 år)
FødenamnGeraint Meurig Vaughan Watkins
OpphavAbertridwr i Wales
Aktiv1970-åra til i dag
Sjangerpubrock
Rock
Blues
InstrumentOrgel
piano
gitar
trekkspel
perkusjon
Tilknytte artistarNick Lowe
Dave Edmunds
The Balham Alligators
Slim Chance
Verka somMusikar, låtskrivar

Geraint Meurig Vaughan Watkins (fødd 5. februar 1951) er ein walisisk rock and roll-pianist og trekkspelar som har spelt for artistar som Nick Lowe, Dave Edmunds, Van Morrison, Mark Knopfler, Paul McCartney, Roy St. John og Shakin' Stevens. Han har òg gjeve ut fleire album under sitt eige namn.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Watkins var fødd i Abertridwr, nær Caerphilly i Wales. I ungdomen, tidleg i 1970-åra, spelte han i Red Beans And Rice og Juice on the Loose. Bandet Red Beans And Rice tiltrekte seg nok merksemd til at dei flytta til London for å bygge vidare på karrieren sin.[1] Då dei vart oppløyst, spelte Watkins solo på pubar i London og med forskjellige band, som Southside United (som han spelte inn eit album med),[2] the Cable Layers, Klondike Pete and the Huskies og Micky Jupp.[1] Han spelte inn eit soloalbum, Geraint Watkins & The Dominators (1979), produsert av Andy Fairweather Low. Han spelte så som studiomusikar for Dr. Feelgood, Rory Gallagher, Andy Fairweather-Low, The Fabulous Thunderbirds, The Blues Band, Box of Frogs, The Stray Cats, Carl Perkins og Eric Clapton.

I 1980-åra spelte Watkins trekkspel og piano med The Balham Alligators, eit band som spelte musikk frå Louisiana på pubane i London.[1] I 1980-åra spelte han òg fast i bandet til Dave Edmunds. Mellom 1984 og 1989 spelte Watkins piano og trekkspel på fem plater med det nederlandske bandet Normaal. Han song, spelte piano og trekkspel på Klondike Pete and the Huskies-albumet Some of the Fellers i 1981, og sidan i 2010 på Who Axed You. I nyare tid har Watkins spelt med Bill Wyman's Rhythm Kings; og spelt på Nick Lowe-albuma The Impossible Bird (1994), Dig My Mood (1998), The Convincer (2001), Untouched Takeaway (2004) og At My Age (2007); og Van Morrison-albuma Back on Top (1999), Down the Road (2002), Pay the Devil (2006) og Keep It Simple (2008).

I 2009 og 2011 turnerte Watkins med Bill Wyman's Rhythm Kings på klaverinstrument og trekkspel, og turnerte med Peter Green & Friends som klaverspelar i 2010. Watkins turnerte òg med Nick Lowe på klaverinstrument.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Geraint Watkins & the Dominators (1979)
  • Bold as Love (1997)
  • Dick Lovejoy's Original Southside United Volume 1 (1998)
  • The Official Bootleg (2001)
  • The Bootleg after the Bootleg (2001)
  • Dial 'W' for Watkins (2004)
  • In a Bad Mood (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Larkin, Colin (1998) The Virgin Encyclopedia of Country Music, Virgin Books, ISBN 0-7535-0236-4, p. 26
  2. "The Southside Story» http://www.southsideunited.co.uk/index.php
  3. Schultz, Blaine (7 October 2010). «Nick Lowe w/ Geraint Watkins @ The Pabst Theater». Shepherd Express. Henta 11. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]