Hopp til innhald

Gerhard Garmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerhard Garmann
Fødd1. desember 1793
Død24. oktober 1873 (79 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Gerhard Heiberg Garmann (1. desember 179324. oktober 1873) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Garmann var fødd på Utstein kloster, som far hans eigde. Sjølv var han 1806-12 tilsett på kontoret til futen i Stavanger. Han tok i 1814 norsk juridisk eksamen, og var fullmektig i Akershus stiftsoverrett. Frå 1816 til -20 var han tilsett i revisjonsdepartementet. I 1820 vart han byråsjef i finansdepartementet. Deretter var han i lang tid, 1828-72, sorenskrivar i Flekkefjord, siste 28 åra også byfut. Styreformann i Flekkefjord Sparebank 1837-72.

I 1845 representerte Garmann Flekkefjord på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget, og sat dermed i riksretten i saka mot Jørgen Herman Vogt. Elles var han sekretær i justiskomiteen.

Garmann døydde i Flekkefjord i 1873.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]