Gianni Versace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gianni Versace
Versace Firenze.jpg
Fødd 2. desember 1946
Reggio di Calabria
Død

15. juli 1997
Miami Beach

Yrke entreprenør, designar, kostymedesignar, moteskaper
Gianni Versace på Commons

Gianni Versace (2. desember 194615. juli 1997) var ein italiensk moteskapar som grunnla motehuset Versace. Versace var ein karismatisk og anerkjent moteskapar som mellom anna var inspirert av moderne kunst.

Gianni Versace var fødd i Reggio di Calabria i Italia. Han studerte arkitektur før han 25 år gammal flytta til Milano for å jobba med motedesign. I 1978 presenterte han sin første damekolleksjon i sitt eige namn ved ei motevising i Milano. I 1982 vant Versace den første av ein lang rad utmerkingar som «beste moteskapar» for sin vinterkolleksjon 1982/1983. Versace samarbeidde med den verdsberømte operaen La Scala i Milano, og utforma kostyme for ballettar. Han laga klede og kostymer til en rekke filmer og TV-serier, mellom anna Judge Dredd, Showgirls og Miami Vice. Vidare brukte Versace kjendisar som Madonna, Bon Jovi og Tina Turner som modellar, både på catwalken og i annonsane sine.

Versace blei skoten og drepen den 15. juli 1997 utanfor heimen sin i Miami Beach i Florida. Åtte dagar seinare blei den mistenkte drapsmannen funne død i eit båthus i Miami etter å ha tatt sitt eige liv. Drifta av motehuset Versace, som då Gianni Versace døydde var verdt 807 millionar dollar, blei teke over av syster hans, Donatella Versace.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]