Glass Onion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Glass Onion» er ein The Beatles-song frå dobbeltalbumet The Beatles som vart gjeve ut i 1968. Songen er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

«Glass Onion», som vart produsert av George Martin og innspelt den 11. september 1968, er innhaldsmessig ein lang referanse til kjende Beatles-songar som eit svar til alle tilhengjarane som stadig leitte etter skjulte meiningar i tekstane. Essensen, slik Sigmund Freud ein gong sa at «av og til er ein sigar ikkje noko anna enn ein sigar», hos Lennon er at av og til representerer ikkje orda noko anna enn seg sjølv. «Glass Onion», «glaslauken», spelar på eit kjend engelsk slenguttrykk «know one's onions» som på norsk tyder «kunne sine ting». Når Lennon då syng at «The Walrus was Paul» er det ein referanse til songen «I Am the Walrus» der The Beatles opptredde i kostyme og dessuten er påstanden er bevisst løgn, kvalrossen var i røynda John Lennon:

I told you about the walrus and me, man
You know that we're as close as can be, man
Well here's another clue for you all
The walrus was Paul

Referansar til Beatles-songar[endre | endre wikiteksten]

Andre Beatles-songar som vert nemnd i «Glass Onion» er:

Om Lennon lukkast i å dempe overivrig analyselyst er ei annan sak. Faktisk kan songen ha hatt ein stikk motsett effekt. Han kom sjølv tilbake til songen nokre år seinare i ein annan song som kommenterte artisten sjølv; «God» på sitt første solo-album: «I was the walrus but now I'm John.»

I dag er Glass Onion vorte eit omgrep for å analysere ein Beatles-song.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]