Good Singin', Good Playin'
Good Singin', Good Playin' Studioalbum av Grand Funk Railroad | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. august 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | rock, hardrock | |
Selskap | MCA 2216 | |
Produsent | Frank Zappa | |
Grand Funk Railroad-kronologi | ||
---|---|---|
Born to Die (1976) |
Good Singin', Good Playin' | Grand Funk Lives (1981) |
Singlar frå Good Singin', Good Playin' | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Good Singin', Good Playin' er det siste studioalbumet til Grand Funk Railroad i 1970-åra, gjeve ut på MCA Records (MCA 2216) i 1976.
Bandet var i røynda oppløyst, men etter at Frank Zappa uttrykte interesse i å produsere eit album for dei, kom dei saman att for å prøve å spele inn eit album. Albumet vart spelt inn i 1976 for MCA Records. Zappa spelte òg sologitar på albumet, på songen «Out to Get You». Sjølv om kombinasjonen verka bisarr, sa Grand Funk-trommeslagaren Don Brewer «Heile synspunktet hans på kva rock and roll handlar om er i houvdsak det same som vårt... Hald det så enkelt som mogeleg og bruk så mykje ballar som mogeleg.»[2] Zappa sa «Alt eg gjorde var på ein dokumentar-aktig måte lage ei plate som fortel deg nøyaktig korleis dei høyrdest ut. For første gongen på plate kan ein høyre Grand Funk Railroad ... og dei er fantastisk, fan-tastisk med ein F tre gonger så stor som deg!»[2] Den første dagen dei var i studio for å leggje på ekstraspor, så valde Grand Funk å gå frå kvarandre att, og Zappa var oppe til kl. 04 om morgonen for å overtale dei om å bli.[2]
Albumet vart ikkje ein kommersiell suksess og nådde berre 52. plassen på Billboard Top 200.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Just Couldn't Wait» | 3:28 |
2. | «Can You Do It» (Richard Street/T. Gordy) | 3:17 |
3. | «Pass It Around» (Farner/Don Brewer) | 4:59 |
4. | «Don't Let 'Em Take Your Gun» | 3:40 |
5. | «Miss My Baby» | 7:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Big Buns» | 0:30 |
7. | «Out to Get You» (Brewer/Craig Frost) | 4:44 |
8. | «Crossfire» | 4:19 |
9. | «1976» | 4:20 |
10. | «Release Your Love» | 3:52 |
11. | «Goin' for the Pastor» | 5:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Rubberneck» (Brewer) | 5:15 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Mark Farner – gitar, vokal; piano på «Don't Let 'Em Take Your Gun»
- Frank Zappa – gitar på «Out to Get You» og «Can You Do It», korvokal på «Rubberneck», produsent
- Craig Frost – klaverinstrument, korvokal
- Mel Schacher – bass, korvokal
- Don Brewer – trommer, perkusjon, vokal
Lister
[endre | endre wikiteksten]Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | Billboard 200 | 52[4] |
Canada | 48[5] |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1976 | "Can You Do It" | Billboard Hot 100 | 45[6] |
Canada | 75 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Good Singin', Good Playin'» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Barry Miles, Zappa: A Biography, Grove Press, 2004, p. 254. ISBN 0-8021-1783-X.
- ↑ Grand Funk Railroad, Good Singin, Good Playing Chart Position Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, Good Singin, Good Playin US Chart Position Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, Good Singin, Good Playin Canadian Chart Position Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, «Can You Do It" Chart Positions Henta March 25, 2015