The Loco-Motion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Loco-Motion
Singel av Little Eva
frå albumet Llllloco-Motion
B-side «He Is the Boy»
Utgjeve Juni 1962
Sjanger Pop, rhythm and blues
Lengd 2:27
Selskap Dimension 1000
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Gerry Goffin
Little Eva-kronologi
The Loco-Motion «Keep Your Hands Off My Baby»

(1962)


«The Loco-Motion» er ein popsong frå 1962, skriven av dei amerikanske låtskrivarane Gerry Goffin og Carole King. «The Loco-Motion» vart opphavleg skriven for Dee Dee Sharp, men Sharp avviste songen.[1] Songen er kjend for å ha nådd topp 5 på den amerikanske singellista tre gonger - kvar gong i eit forskjellig tiår og framført av songar frå tre forskjellige kulturar: først den afroamerikanske popsongaren Little Eva i 1962 (1. plass);[2] så det amerikanske hardrockbandet Grand Funk Railroad i 1974 (1. plass);[3] og til slutt den australske songaren Kylie Minogue i 1988 (tredjeplassen).[4]

Songen er eit populært døme på dansesong-sjangeren der mykje av teksten går med på å skilde sjølve dansen, vanlegvis dansa som ein slags linjedans. Songen kom derimot før dansen.

«The Loco-Motion» var òg den andre songen i historia som nådde toppen av Billboard-lista i USA med to forskjellige artistar. Den første songen som klarte dette var «Go Away Little Girl», som òg var skriven av Goffin og King. I alt er det ni songar som har klart dette.[5]

Little Eva-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

King og Goffin skreiv «The Loco-Motion» med håp om at Dee Dee Sharp , som hadde hatt ein stor hit med «Mashed Potato Time», skulle spele inn songen. Sharp takka nei til songen, og dette opna høvet for Eva Boyd å få spele inn songen på ein demo.[1] Versjonen hennar vart gjeven ut og namnet hennar vart endra til Little Eva. Boyd var i røynda barnepassaren til Carole King, og vart introdusert for King og ektemannen Gerry Goffin av The Cookies, ei lokal jentegruppe som òg spelte inn musikk for låtskrivarane. «The Loco-Motion» vart først gjeven ut på det nye selskapet Dimension Records, som stort sett berre gav ut songar skrivne og produserte av Goffin og King. Det finst to vanlege versjonar av songen. Den eine har handklapping i versa, og den andre har det ikkje. King song korvokal på innspelinga.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I USA vart «The Loco-Motion» den sjette mest suksessrike singelen i 1962 i følgje Billboard. Det var òg den tredje mest suksessrike singelen i 1962 i Sør-Afrika.[6] I mars 1965 song Little Eva songen på ABC-TV-serien Shindig!, og dette er den einaste kjende filmklipppet der ho syng songen. Det vart raskt spelt inn ein coverversjon av songen av den britiske jentegruppa The Vernons Girls og denne gjekk inn på lista same veka som Little Eva-versjonen. The Vernons Girls-versjonen stoppa på 47. plassen i Storbritannia, medan Little Eva-versjonen nådde andreplassen på den britiske lista. Han gjekk inn på lista att kring ti år seianre og nådde då 11. plassen. Little Eva-versjonen av songen vart seinare nytta i David Lynch-filmen Inland Empire (2006). «The Loco-Motion» er rangert på 359. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962-1963) Plassering[6]
Canada 1
Noreg 1
UK Singles Chart 2
US Billboard Hot 100 1

The Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattaren Mark Lewisohn i The Complete Beatles Chronicles (s. 363) spelte The Beatles «The Loco-Motion» live frå 1962 til kring 1963. Det er uklårt om det var John Lennon eller Paul McCartney eller begge som song songen. Det finst ingen kjende opptak av dette.

Sylvie Vartan-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1962 spelte den franske songaren Sylvie Vartan ein versjon av «The Loco-Motion» på fransk kalla «Le Locomotion». Vartan-versjonen nådde toppen av singellista i Frankrike den 13. oktober 1962 og låg der i ei veke.[7]

Grand Funk Railroad-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Loco-Motion
Singel av Grand Funk Railroad
frå albumet Shinin' On
B-side «Destitute and Losin'»
Utgjeve Mai 1974
Sjanger Hardrock, glam rock
Lengd 2:46
Selskap Capitol 3840
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Grand Funk Railroad-kronologi
«Walk Like a Man»

(1973)

The Loco-Motion «Shinin' On»

(1974)


Den amerikanske hardrockgruppa Grand Funk Railroad spelte inn ein versjon av songen i 1974, produsert av Todd Rundgren. Avgjersla om å spele denne songen kom etter gitaristen Mark Farner plystra på songen i studio. Grand Funk-versjonen består av gitarar, mange lag med harmonivokal og tunge trommer. Songen vart gjeven ut på albumet Shinin' On, og så på singel i mai 1974. Singelen nådde toppen av den amerikanske singellista, femteplassen i Australia, toppen av lista i Canada og 11. plassen i Tyskland.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974-1975) Plassering
Australia 5
Austerrike 7
Canada 1
Tyskland 11
US Billboard Hot 100 1

Carole King-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Carole King spelte òg inn ein versjon av «The Loco-Motion» i 1980 for studioalbumet Pearls: Songs of Goffin and King. Albumet nådde 44. plassen på albumlista i USA. King sjølv song òg songen på konsertalbumet The Living Room Tour frå juli 2005.

Dave Stewart and Barbara Gaskin version[endre | endre wikiteksten]

I 1986 spelte Dave Stewart og Barbara Gaskin ein versjon av songen for ein singel i mai det året. Duoen hadde hatt ein hitt attende i 1981 med ein versjon av «It's My Party», men hadde hatt lite suksess sidan den gongen. Denne songen vart heller ikkje særleg suksessrik og nådde 70. plassen på den britiske singellista.[8]

Kylie Minogue version[endre | endre wikiteksten]

Locomotion/The Loco-Motion
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Kylie
B-side 1987:
  • "Getting Closer"
  • "Glad to Be Alive"
1988:
  • "I'll Still Be Loving You"
Utgjeve
  • 20. juli 1987
  • 28. juli 1988
Innspelt 1987; Platinum Studios, Melbourne

1988; PWL Studios, London

Lengd 3:12
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent 1987-versjonen: Mike Duffy

1988-versjonen: Stock Aitken Waterman

Kylie Minogue-kronologi
Locomotion/The Loco-Motion «I Should Be So Lucky»

(1987)


Den australske popstjerna Kylie Minogue gav ut ein versjon av songen i juli 1987 som debutsingelen hennar. Etter ei framføring av songen under ein australsk fotballkamp med besetninga frå den australske såpeoperaen Neighbours, fekk Minogue platekontrakt med Mushroom Records for å gje ut songen som singel. Singelen kom ut 28. juli 1987 i Australia, Sverige og Italia med tittelen «Locomotion».

Songen vart ein stor suksess i heimlandet og ho fekk ein ny platekontrakt med PWL Records i London, der ho fekk arbeide med det suksessrike teamet Stock Aitken & Waterman.[9] Den 28. juli 1988 vart ein nyinnspelt versjon produsert av Stock Aitken & Waterman gjeve ut verda over som «The Loco-Motion». Denne utgåva vart igjen ein stor suksess og nådde topp 5 i Storbritannia, USA og Canada. Minogue-versjonen vart nytta i filmen Arthur 2: On the Rocks i 1988 med Dudley Moore og Liza Minnelli.

1987-utgåva av «Locomotion» låg sju veker på toppen av singellista i Australia.[10] Songen vart den mestseljande singelen i Australia i 1980-åra. Songen gjorde det òg godt i Europa og Asia og nådde toppen av listene i Belgia, Finland, Irland, Israel, Japan og Sør-Afrika.

1988-utgåva av songen debuterte på andreplassen på lista i Storbritannia. Han låg på andreplassen i fire veker før han fall ned til tredjeplassen. Singelen vart 11. bestseljande i Storbritannia det året med 440 000 selde eksemplar.[11]

I 2012, under 25-årsjubileet hennar, gjekk songen inn att på den japanske singellista på ein 83. plass.[12]

I 1988 vart songen nominert til beste internasjonale singel i Canada.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Locomotion» vart filma på Essendon lufthamn og ABC sine studio i Melbourne i Australia. Videoen til «The Loco-Motion» nytta dei same filmopptaka som den australske videoen.

Format og innald[endre | endre wikiteksten]

The Loco-motion (1988)[endre | endre wikiteksten]

● Britisk 7"-singel
  1. "The Loco-motion" (7" mix) — 3:17
  2. "I'll Still Be Loving You" — 3:45
● Britisk 12" vinylsingel
  1. "The Loco-motion" (Kohaku Mix) — 5:59
  2. "I'll Still Be Loving You" — 3:45
● Britisk 12" remix
  1. "The Loco-motion" (Sankie Mix) — 6:35
  2. "I'll Still Be Loving You" — 3:45
● USA 7" vinyl singel/kassett
  1. "The Loco-motion" (LP version) — 3:17
  2. "I'll Still Be Loving You" — 3:45
● USA 12" vinylsingel
  1. "The Loco-motion" (Kohaku Mix) — 5:59
  2. "The Loco-motion" (Sankie Mix) — 6:35
  3. "The Loco-motion" (LP version) — 3:17
  4. "I'll Still Be Loving You" — 3:45
● Tysk CD-singel
  1. "The Loco-motion" (Kohaku Mix) — 5:59
  2. "I'll Still Be Loving You" — 3:45

iTunes digitalutgåve (2009)[endre | endre wikiteksten]

●"Locomotion" (australsk versjon )
  1. "Locomotion"
  2. "Locomotion" (Chugga-Motion Mix)
  3. "Locomotion" (The Girl Meets Boy Mix)
  4. "Getting Closer"
  5. "Getting Closer" (UK mix) (previously unreleased)
  6. "Getting Closer" (UK instrumental) (previously unreleased)
  7. "Getting Closer" (Extended Oz Mix)
  8. "Getting Closer" (Extended Oz Instrumental) (previously unreleased)
  9. "Glad to Be Alive"
● "The Loco-Motion"
  1. "The Loco-Motion" (7" mix)
  2. "The Loco-Motion" (The Kohaku Mix)
  3. "The Loco-Motion" (7" instrumental) (previously unreleased)
  4. "The Loco-Motion" (7" backing track) (previously unreleased)
  5. "I'll Still Be Loving You"
  6. "I'll Still Be Loving You" (instrumental) (previously unreleased)
  7. "I'll Still Be Loving You" (backing track) (previously unreleased)

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering[13]
Australia[10] 1
New Zealand [14] 8
Liste (1988–1989) Plassering[6][13]
Austerrike 3
Belgia 1
Canada 1
Nederland 6
Europa 1
Finland 1
Frankrike 5
Tyskland 3
Irland 1
Italia 6
Japan 1
Noreg 3
Peru 1
Sør-Afrika[15] 1
Sverige 10
Sveits 2
UK Singles Chart 2
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 12
U.S. Billboard Hot Dance Music/Maxi-Singlar Sales 4
U.S Cashbox[16] 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[17] Platina 70 000^
Canada (Music Canada)[18] Platina 100,000^
Storbritannia (BPI)[19] Gull 500 000^
USA (RIAA)[20] Gull 0^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Årslister[endre | endre wikiteksten]

År Land Plassering
1987-1989 Australia[21] 1
1988-1989 Tyskland[22] 29
Nederland[23] 60
UK Singles Chart[24] 11
U.S. Billboard Hot 100[25] 49

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Land (1989) Plassering
Australia[26] 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sharp, Dee Dee. «Dee Dee Sharp Turns Down The Loco-Motion». Musk Mellon. Henta 14. april 2015. 
  2. Little Eva, «The Loco-Motion" Chart Positions Henta 4. august 2016
  3. Grand Funk Railroad, «The Loco-Motion" Chart Positions Henta 4. august 2016
  4. Kylie Minogue, «The Loco-Motion" Chart Positions Henta 4. august 2016
  5. Billboard Hot 100 Chart 50th Anniversary
  6. 6,0 6,1 6,2 Song title 46 - The Loco-Motion
  7. InfoDisc : Tout les Titres N° 1 des 60's
  8. Dave Stewart and Barbara Gaskin - UK singles chart
  9. "The Loco-Motion" - Single informationWayback Machine (arkivert 29. juni 2008). - Kylie.com - Henta 4. august 2016
  10. 10,0 10,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 202. ISBN 0-646-11917-6.  N.B. The Kent Report chart was licensed by ARIA between 1983 and 19. juni 1988.
  11. Kylie - The Biography, Sean Smith
  12. Kylie Minogue Chart Positions Henta 4. august 2016
  13. 13,0 13,1 slokylie.com - Charts
  14. «charts.org.nz > Kylie Minogue 'The Loco-Motion' (sic) (song)». Hung Medien. Henta 4. august 2016. 
  15. South Africa Singlar Chart
  16. [1] - Cashbox Top 100 Singlar NOVEMBER 12, 1988
  17. «Chartifacts Week Ending 11th September 1994 (from The ARIA Report Issue No. 239)». Imgur.com. Henta 4. august 2016. 
  18. «Canadian single salstrofé – Kylie Minogue – The Loco-Motion». Music Canada. Henta 4. august 2016. 
  19. «British single salstrofé – Kylie Minogue – The Loco-Motion». British Phonographic Industry. Henta 4. august 2016.  Enter The Loco-Motion in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  20. «American single salstrofé – Kylie Minogue – The Loco-Motion». Recording Industry Association of America. Henta 4. august 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  21. List of Top 25 singles for 1987 in Australia
  22. German Top 20 - The Chart Of 1988
  23. JAAROVERZICHTEN - SINGLE 1988
  24. UK Singlar Top 50 for Year - 1988
  25. Top 100 Hits of 1988/Top 100 Songs of 1988
  26. Kylie Minogue - Impossible Princess
  27. «Rock 'N' Roll City». Discogs. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]