Grånoddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grånoddy
Ved Mokohinau Islands, New Zealand Foto: Tom Tarrant
Ved Mokohinau Islands, New Zealand
Foto: Tom Tarrant
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Anoinae
Slekt: Anous
Art: Grånoddy A. albivitta
Vitskapleg namn
Anous albivitta

Grånoddy (Anous albivitta) er ei terne og ein kystbunden sjøfugl med utbreiing i varme, tempererte farvatn i sørlege Stillehavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grånoddyen er 25-30 cm lang med eit vengespenn på 46-61 cm og ei vekt på ca. 75 gram. Halen er ganske lang og kløfta. Fjørdrakta er bleik grå, nesten kvit på hovudet og undersida, men mørkare på ryggen, hale og venger. Vengene har mørke tuppar og ein kvit bakkant og er hovudsakleg kvit på undersida. Auget er svart og ser stor på grunn av ein svart lapp framføre auget. Det er òg ein liten kvit flekk bak auget. Det tynne, spisse nebbet er svart og beina og føtene er òg svarte bortsett frå bleikgul symjehud.

Juvenile fuglar er brunare enn dei vaksne, og har mørkare, meir kontrasterande vengefjører.

Grånoddyar er vanlegvis stille, men har ein mjuk, purrande lydytring.

Dei beitar på grunt vann, og vil ikkje flytte seg langt frå hekkekoloniane. Når dei beitar vil dei samle seg i store flokkar på opp til tusenvis av individ, dei sveveflyg over vatnet og slepper seg ned for å plukke mat frå overflata. Plankton dannar hovuddelen av kosthaldet, men dei et òg småfisk.

Hekkinga føregår i koloniar på steinete øyar. Reirplassen kan vere ein skjerma steingrunn eller under ein stein eller klump av vegetasjon. Kullet er på eit einskilt egg. Det er kvitaktig med mørke markeringar og blir ruga av begge foreldra i ca. 32 dagar. Ungane blir fôra på oppgulpa mat og blir flygedyktige etter rundt 35 dagar.

Det er tre underartar, her lista med utbreiing i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012:[1]

Tidlegare var denne arten rekna som ein bleik morf av blånoddy (Anous ceruleus), men er no ofte lista som ein eigen art.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grånoddy