Grøn Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grøn Ungdom
Grunnleggjande
Oppretta 1987
Statistikk
Tilknytingar
Morparti Miljøpartiet Dei Grøne

Grøn Ungdom (GU) (bokmål: Grønn Ungdom, samisk: Ruoná Nuorat, engelsk: Young Greens of Norway) er ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne.[1] Grøn Ungdom er tilknytt Federation of Young European Greens (FYEG) og har ca 40 søsterorganisasjoner i Europa. Talspersonane er i dag Ingrid Ophaug Dahl og Lage Nøst. Grøn Ungdom har i dag 1267 medlemmar (2013). Desse er fordelt på 17 aktive fylkeslag, og fleire lokallag.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Grøn Ungdom er det einaste av ungdomspartia i Noreg som har felles program med morpartiet sitt. Miljøpartiet dei Grøne og Grøn Ungdom baserer politikken sin på tre solidaritetsprinsipp: Solidaritet med dyr og natur, solidaritet med menneskeheita og solidaritet med framtidige generasjonar. Det overordna politiske målet er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. I eit slikt samfunn skal økonomien vere underordna sunne økologiske prinsipp, og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå dette målet.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Grøn Ungdom er ein landsomfemnande organisasjon, og er representert på alle nivåa i Miljøpartiet dei Grøne. Grøn Ungdom vert fronta av to talspersonar, ei kvinne og ein mann, som representerer organisasjonen andsynes ålmenta. Frå 2014 er Lage Nøst og Ingrid Ophaug Dahl talspersonar.

Landsmøtet er den høgste avgjerslemakta i Grøn Ungdom, og samlar seg som regel ein gong i året. På landsmøtet vert budsjettet, vedektar og handlingsplan vedteke. Alle medlemmar av Grøn Ungdom som har betalt kontingent kan vera delegatar på landsmøtet.

Mellom to landsmøter er det landsstyret til Grøn Ungdom som har den høgste avgjerslemakta. Landsstyret er samansett av ein representant frå kvart av fylkeslaga, og treffast fire gonger i året.

Den daglege drifta av organisasjonen vert gjort av eit arbeidsutval som består av dei to talspersonane, samt Anders Skyrud Danielsen (generalsekretær), John Slinning Jannesson (internasjonal kontakt), Jens Hunsbeth Schreuder (AU-medlem), Isa Maline Alstadius Isene (AU-medlem), Anna Serafima Svendsen Kvam (AU-medlem), Andrea Søgnen Tveit (AU-medlem), Cecilie Ness (AU-medlem), Mattis Sørensen Ulvang (AU-medlem), Kristin Viko Rasmussen (AU-medlem)

Grøn Ungdom har fylkeslag i alle fylka i Noreg. Det siste fylkeslaget som vart stifta, var Grønn Ungdom Finnmark i mars 2014. 17 av dei 19 fylkeslaga er aktive.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grøn Ungdom i Oslo vart stifta i 1987, fleire lokallag fylgde. Men ein landsdekkjande organisasjon vart ikkje formelt danna før i 1996. Etter ei periode med varierande aktivitetsnivå, vart Grøn Ungdom ein sjølvstendig fungerande organisasjon fyrst etter valet av nytt arbeidsutval sommaren 2009. Sidan då har medlemstalet vore aukande, særleg i samband med den store auka i medlemsmassen i morpartiet dei siste åra. Mellom 2011 og 2013 dobla Grøn Ungdom sitt medlemstal, og hadde 1247 medlemmar ved utgangen av 2013. Hausten 2013 hadde Grøn Ungdom òg sitt beste resultat gjennom tidene i skolevalet, med ein nasjonal oppslutnad på 3,8 %. Landsmøtet i 2014 var det største i organisasjonen si historie, med 95 delegatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske ungdomsparti i Noreg
Sosialistisk Ungdom Arbeidarane si ungdomsfylking Senterungdommen Unge Venstre Kristeleg Folkepartis Ungdom Unge Høgre Framstegspartiet sin ungdom
Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom