Senterungdommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Senterungdommen
Senterungdommen.svg
Skipa14. mars 1949
HovudkontorGrensen 9, Oslo
LeiarAda Arnstad (2016)
Medlemmer2044 (2015)

Senterungdommen er ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet. Organisasjonen vart stifta 14. mars 1949 under namnet Bygdefolkets Ungdomsfylking og endra namn til Senterungdommens Landsforbund i 1962.

Senterungdommen, som han heiter i dag, har sekretariat i Oslo og har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til ei rekkje lokallag. Ada Arnstad frå Skatval i Nord-Trøndelag vart valt til leiar i Senterungdommen i 2016, og tok da over etter Erling Laugsand frå Averøy. Politisk nestleiar er Magnus Weggesrud frå Buskerud, medan Ingrid Nerås Krogsæter frå Møre og Romsdal er organisatorisk nestleiar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Sentralstyret i Senterungdommen har ansvaret for den daglege drifta av organisasjonen. Landsstyret er det høgaste organet mellom landsmøta. Landsmøtet er det høgaste organet i organisasjonen, og samlar ungdommar frå heile Noreg. Landsmøta blir arrangert i november kvart år. Senterungdommen har i tillegg mange forskjellige arbeidsgrupper. Politisk utval, organisatorisk utval og internasjonalt utval er dei tre faste utvala.

Senterungdommen er ein ikkje-sosialistisk organisasjon som plasserer seg sjølv i sentrum i det politiske landskapet. Gjennom alle åra har kampen mot sentralisering og vernet om tradisjonelle bygdeverdiar vore berebjelkar i virket til Senterungdommen, som i praksis har tydd ein aktiv distriktspolitikk. Eit anna hovudmål er like høve til utdanning, arbeid og tilgang på velferdsgodar same kvar ein bur i Noreg.

I mange saker står Senterungdommen nær KrFU – og tilsvarande langt frå til dømes Unge Venstre. Senterungdommen er bestemt imot å liberalisere regelverket som gjeld bruk av narkotiske stoff, ein ønskjer å seie opp EØS-avtalen og erstatte han med ein handelsavtale, ein slår ring om statskyrkja og om monarkiet, og vil dessutan halde verneplikta ved lag og handheve ein streng innvandringspolitikk.

Senterungdommen skriv sjølv i programmet sitt at «Norge skal bygge framtida si på de kristne grunnverdiene, humanistiske verdier i pakt med disse, og et levende folkestyre». I alle hovudsaker på den politiske dagsorden er Senterungdommen på linje med hovudpartiet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bondepartiet, som var det tidlegare namnet på Senterpartiet, var det siste av dei landsomfattande partia som fekk eigen ungdomsorganisasjon. Det var partileiinga som i 1947 gjekk i bresjen for å organisere ungdommen i partiet. Men først våren 1949 vart det første ordinære landsmøtet halde, der Sverre Vaule frå Oppland vart valt som formann. Organisasjonen tok namnet Bygdefolkets Ungdomsfylking. Da partinamnet vart eit sentralt diskusjonsemne, heldt ungdomsorganisasjonen lenge på at Bondepartiet burde bli døypt om til Bygdepartiet. Men namnet Senterpartiet vart etter mykje om og men føretrekt i 1959. Tre år seinare vedtok partiungdommen å ta namnet Senterungdommens Landsforbund.

Senterungdommen har i alle desse åra hatt som strategi å arbeide innanfor partiet for å påverke og oppnå innverknad. Studentlaget i Oslo fekk tidleg ein sterk posisjon i Senterungdommen og vart ein viktig leverandør av politiske talent og nytenkjarar. Desse kom i mange år til å prege Bondepartiet og seinare Senterpartiet. Brørne Martin og Dagfinn Vårvik var mellom dei første, seinare kom mellom andre John Dale, Per Magnar Arnstad, Svein Sundsbø, Johan J. Jakobsen, Eivind Reiten, Steinar Ness, Marit Arnstad, Erlend Grimstad og Trygve Slagsvold Vedum og vart sentrale aktørar. Alle desse har med åra fått framståande posisjonar i partiet, på Stortinget og innan ulike regjeringar. Fellesnemnaren er bakgrunn og skolering anten i studentorganisasjonen eller i rekkene til Senterungdommen elles. Av dei fire statsrådane frå Senterpartiet som var med i siste fase av den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg var det berre daverande partileiar Liv Signe Navarsete som ikkje hadde ei fortid som tillitsvalt i Senterungdommen.

Første gongen ungdomsorganisasjonen markerte seg sterkt for å vinne fram i ein personstrid i partiet var i 1955, da valet stod mellom Jon Leirfall og Per Borten som ny partileiar. Senterungdommen arbeidde målmedveten for at Borten skulle vinne, noko han til slutt gjorde. Borten mangla elles berre ei røyst på å bli valt som første leiar i ungdomsorganisasjonen i 1949. Som medlemsorganisasjon nådde Senterungdommen eit høgdepunkt i 1972–1973 da han hadde kring 6000 registrerte medlemmar. Korkje før eller seinare har talet vore like høgt. Årsaka var EF-striden, som også gjorde at Senterpartiet fekk ei sterk veljaroppslutning.

Leiarar i Senterungdommen[endre | endre wikiteksten]

Periode Leiar Fylke
1949–1952 Sverre Vaule Oppland
1953–1955 Erland Asdahl Akershus
1956–1958 Amund Randen Sør-Trøndelag
1959–1963 Arnt Hagen Møre og Romsdal
1964–1965 Eystein Bardal Nord-Trøndelag
1966–1969 John Dale Oslo/Hordaland
1970–1971 Asbjørn Ringen Oppland
1972–1973 Svein Sundsbø Akershus
1973 Harald Berggrav Akershus
1974–1977 Åsmund Berthelsen Telemark
1978 Gjermund Haga Nord-Trøndelag
1979–1980 Eivind Reiten Møre og Romsdal/Oslo
1981–1982 Ivar Skjerve Nord-Trøndelag
1983 Torun Dramdal Buskerud
1984–1985 Steinar Ness Sogn og Fjordane
1986–1987 Marit Arnstad Nord-Trøndelag
1988–1989 Erlend Grimstad Østfold
1990 Anne Jortveit Aust-Agder
1991–1993 Audun Lågøyr Buskerud
1994–1995 Inge Bartnes Nord-Trøndelag
1996–1997 Bjørn Arild Gram Nord-Trøndelag
1998–2000 Sigbjørn Gjelsvik Sogn og Fjordane
2001–2002 Anne Beathe Kristiansen Østfold
2002–2004 Trygve Slagsvold Vedum Hedmark
2004–2007 Erlend Fuglum Nord-Trøndelag
2007–2009 Christina Ramsøy Nord-Trøndelag
2009–2011 Johannes Rindal Oppland
2011–2013 Sandra Borch Troms
2013–2016 Erling Laugsand Møre og Romsdal
2016– Ada Johanna Arnstad Nord-Trøndelag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Politiske ungdomsparti i Noreg
Sosialistisk Ungdom Arbeidarane si ungdomsfylking Senterungdommen Unge Venstre Kristeleg Folkepartis Ungdom Unge Høgre Framstegspartiet sin ungdom
Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom