Grønlandsmåse
Utsjånad
| Grønlandsmåse | |
Grønlandsmåse | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av grønlandsmåse | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
| Familie: | Måsefamilien Laridae |
| Slekt: | Larus |
| Art: | Grønlandsmåse L. glaucoides |
| Vitskapleg namn | |
| Larus glaucoides | |
Grønlandsmåse, Larus glaucoides, er ein fugleart i måsefamilien.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Fuglen er 50–66 cm lang, vengespennet 115–140 cm, og vekta 820-1100 gram. Han er knapt så stor som gråmåsen og kvitaktig i heile fjørdrakta.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Arten kan sjåast av og til på kysten om vinteren, enda sjeldnare til andre årstider.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]
Grønlandsmåsen hekkar i koloniar, og i blant aleine, ved kysten. Dei 2-3 egga vert lagt i eit reir på marka.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Grønlandsmåsen er ein trekkfugl som overvintrar i dei nordaustlege statane i USA og på dei britiske øyane.