Graham Broad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Graham Broad
Graham Broad.jpg
Broad spelar «Time» med Roger Waters i Ottawa i 2007
Fødd10. mars 1957 (62 år)
FødestadHammersmith i London i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock, blues, alternativ rock, jazzfusion
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarRoger Waters, Bill Wyman's Rhythm Kings, Bandit
Verka somMusikar, plateprodusent

Graham Broad (fødd 10. mars 1957) er ein engelsk trommeslagar som har vore profesjonell musikar sidan han var femten, etter å ha gått på Royal College of Music i 1970.

Han har arbeidd med musikarar som Roger Waters, Tina Turner, The Beach Boys, Jeff Beck, Van Morrison, Bryan Adams, Bill Wyman, Tony Banks og George Michael.[1]

Han var ein av dei mest produktive trommmeslagarane i 1980-åra og medverka på hittar for Bucks Fizz, Dollar, Tina Turner, Bardo, Go West, Five Star, ABC og Wham!.

Broad har hovudsakleg spelt med tidlegare Pink Floyd-medlem Roger Waters sidan 1987, då han spelte på albumet Radio KAOS og den påfølgjande turneen. I 1990 spelte Broad med Waters på The Wall Concert in Berlin. I 1992 spelte han på Waters-albumet Amused To Death. I 1999 inviterte Waters han med på In the Flesh-turneen som varte frå 1999 til 2002. Broad har òg spelt med Waters på seinare turnear. Seinast i 2010.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vernon Fitch (2005). The Pink Floyd Encyclopedia (3rd Edition), page 45. Collector's guide publishing.