Amused to Death

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amused to Death
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve 1. september 1992
Innspelt 1987–1992
Sjanger Progressiv rock
Lengd 72:45
Selskap Columbia
Produsent
Roger Waters-kronologi
The Wall – Live in Berlin
(1990)
Amused to Death The Legend of 1900
(1999)


Singlar frå Amused to Death
  1. «What God Wants, Part I»
    Utgjeve: 24. august 1992
  2. «The Bravery of Being Out of Range»
    Utgjeve: 1992
  3. «Three Wishes»
    Utgjeve: 1993

Amused to Death er det tredje studioalbumet til den engelske musikaren Roger Waters, gjeve ut 1. september 1992 på Columbia. Ei ommastra og nymiksa utgåve av Waters og James Guthrie kom ut i 2015.

Bakgrunn og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters byrja arbeidet med Amused to Death i 1987 då han først skreiv «Perfect Sense.»[1] Det tok derimot fleire år før albumet kom ut, og det er ukjend kor mykje materialet endra seg i mellomtida. Songar som kritiserte Golfkrigen og George Bush senior («Old timer, who you gonna kill next?» «Does the recoil remind you of sex?» osv. i «The Bravery of Being Out of Range») og om hendinga på Den himmelske freds plass var nye eller heilt omskrive.

Amused to Death vart produsert av Patrick Leonard og Waters i lag med Nick Griffiths i London i The Billiard Room, Olympic Studios, CTS Studios, Angel Recording Studios og Abbey Road Studios. Lydteknikar på albumet var Hayden Bendall, Jerry Jordan og Stephen McLaughlan og det vart miksa av James Guthrie.[2] Albumet vart miksa i QSound for å forsterke romkjensla til lyden og dei mange lydeffektane på albumet – bilar fly, hestar, grashopper og hundar  – som alle vart spelte inn med hjelp av 3-D-apparatet.

Delar av teksten vart improvisert fram av Waters under innspelinga. Red Hot Chili Peppers-bassisten Flea spelte inn bass for albumet, men ingen av utgåvene han spela på vart nytta.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Albumet er laust organisert kring ideen om ei ape som tilfeldig blar gjennom kanalar på fjernsynet,[3] men utforskar fleire politiske og samfunnsmessige tema, som kritikk av Golfkrigen i «The Bravery of Being Out of Range» og «Perfect Sense.»

Det første sporet, «The Ballad of Bill Hubbard», inneheld eit lydklipp av Alfred «Raz» Razzell, ein veteran frå første verdskrigen og medlem av Royal Fusiliers som fortel om då han fann soldatvenen William «Bill» Hubbard, som albumet er dedisert til, kraftig skadd på slagmarka. Etter fleire mislukka forsøk på å bringe han i tryggleik, måtte Razzell forlate han i ingenmannsland. Dette lydklippet held fram mot slutten av tittelsporet og heilt på slutten av albumet, der ein får ein meir oppløftande slutt på den tragiske soga. Lydklippet var henta frå BBC-dokumentaren Everyman og episoden «A Game of Ghosts».[4][5] Opningssporet har òg fleire dyrelydar.[3]

Den andre songen, «What God Wants, Part I», følgjer og jamfører dei rørande orda til Razzell i opninga med lyden av at TV-kanalen vert skifta og eit barn som seier «I don't mind about the war. That's one of the things I like to watch – if it's a war going on. 'Cos then I know if, um, our side's winning, if our side's losing...». Dette vert igjen avbroten av at kanalen vert byta til apeskrik.

«Perfect Sense» er ein todelt song om ei verd der direktesendingar frå krigar er ei underhaldningsform.[1] Den første delen av songen byrjar med ei høg, uforståeleg skråling og så ei baklengsmelding av Waters: «Julia, however, in the light and visions of the issues of Stanley, we changed our minds. We have decided to include a backward message. Stanley, for you, and for all the other book burners.» Meldinga endar med Waters som skrik med aggressiv skotsk røyst, liknande den han brukte for læraren på The Wall. I den andre delen kommenterer den kjende sportskommentatoren Marv Albert frå ein krig som om det var ein basketballkamp.

«The Bravery of Being Out of Range» inneheld ein referanse til ein song skriven av Waters på Pink Floyd-albumet Animals frå 1977, «Sheep» (og «Swing Low, Sweet Chariot»[6]). I «Sheep» syng Waters «I've looked over Jordan and I have seen/Things are not what they seem», medan han i «The Bravery of Being Out of Range» syng «I looked over Jordan and what did I see? I saw a U.S. Marine in a pile of debris.»

«Late Home Tonight, Part I» , som opnar med kvitringa til ein songlerke og minnast det amerikanske luftåtaket mot Libya i 1986 frå synsvinkelen til to «vanlege koner» og ein ung amerikansk F-111-pilot. Tekstlinja om «removing the jeans from the refrigerator» syner til ein Levi's 501-reklame frå 1988.[7]

I byrjinga av «What God Wants, Part II» framfører Charles Fleischer (betre kjend som røysta til Roger Rabbit) preika til ein grådig evangelist. «What God Wants, Part III» har ein viss musikalsk likskap til Pink Floyd-songane «Shine On You Crazy Diamond (Part I),» «Echoes» og «Breathe (In the Air)»

Songen «Watching TV» (ein duett med Don Henley) utforskar kva påverknad massakeren på Den himmelske freds plass i Kina hadde på massemedia.

På «It's a Miracle» er det ein bitande skarp referanse til Andrew Lloyd Webber (som Waters skulda for plagiat med Pink Floyd-songen «Echoes» for delar av musikalen The Phantom of the Opera):[8] Den same songen nyttar ein sample frå ein lavbudsjetts zombiefilm frå 1977, Shock Waves der rollefigurane i filmen slost om ei lommelykt.[9]Tittelen byrjar med teksten «Doctor, Doctor.» «Take Up Thy Stethoscope and Walk» på The Piper at the Gates of Dawn, den første songen Waters skreiv, opnar med den same linja.

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

Waters sa i eit intervju med Rockline den 8. februar 1993 at han ønskte å bruke dialogklipp frå 2001: A Space Odyssey på albumet, særskild «dødsmonologen» til HAL 9000. Stanley Kubrick, som regisserte filmen, avviste ønsket fordi han meinte det ville opne døra til at mange andre ville bruke det same klippet.[10] Andre meiner at Kubrick avslo fordi Pink Floyd ikkje hadde lete han bruke musikken frå Atom Heart Mother i filmen A Clockwork Orange.[11] Waters brukte samplinga av HAL når songen vart framført på konsertar - særskild i byrjinga av «Perfect Sense, Part I» på In the Flesh-turneen, etter at Kubrick var død, og han tok til slutt samplinga med då Amused to Death vart miksa på ny i 2015.

Omslag[endre | endre wikiteksten]

På det originale plateomslaget kan ein sjå ein sjimpanse som ser på fjernsyn i ein referanse til Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey.[12] Biletet på fjernsynet syner eit stort auge som ser på sjåaren.[12] I følgje Waters var apa «eit symbol for alle som har sete med munnen open føre ei nyhendesending dei siste ti åra.»[1] Albumtittelen var inspirert av Neil Postman-boka Amusing Ourselves to Death. I ei seinare bok, The End of Education, skreiv Postman om albumet: «(...) Roger Waters, ein gong songar i Pink Floyd, var så inspirert av boka mi at han gav ut ein CD kalla Amused to Death. Dette gav meg så mykje prestisje blant universitetsstudentane at eg nesten ikkje kan tilbakevise han eller musikken hans.»[13][12]

Eit tidleg forslag til plateomslaget var tre karikerte figurar, som likna David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright (frå Pink Floyd), flytande i eit martiniglas.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[14]
Chicago Tribune1.5/4 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[15]
Drowned in Sound8/10[16]
Entertainment WeeklyA–[17]
Los Angeles Times2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[18]
Paste8.0/10[19]
PopMatters8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[20]
Record Collector4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[21]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[22]
Spectrum Culture3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[23]

AllMusic skildra albumet som «eit meisterverk i måten det fører alle lidenskapane hans saman i ein storarta, men ikkje uhandterleg, pakke».[14] Record Collector skreiv at albumet syner Waters «på sitt mest nakne og inspirerte sidan den åtvarande parabelen på The Wall».[21] Men Los Angeles Times var mindre imponert og skreiv «Resultatet er ein tåkete struktur (delvis forbetra av soga til den gamle soldaten Waters bruker som ei innramming), for mykje repetisjon og ein viss distanse og overintellektualisering. [...] overalt er det mangel på god, gammal poprockapell som alltid har lyfta dei betre Pink Floyd-platene.»[18] Ei negativ melding kom frå Chicago Tribune som skreiv «innbilskheit er ikkje det same som djupne, og den mest fantastiske lydteknikaren i verda kunne ikkje ha dekka til den skrantande vokalen til Waters og melodikjensla han hadde i dagane med Floyd.»[15]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Waters fortalte Classic Rock: «Mitt syn er at eg har vore involvert i to absolutt fantastiske album - The Dark Side of the Moon og The Wall [...] Og om du ikkje har fått tak i Amused to Death, så har du ikkje den komplette samlinga. Så In the Flesh – Live – konsertalbumet, som dreg saman songar frå alle dei tre albuma - gjenopprettar forhåpentlegvis balansen.» Den 19. september 2013 fortalte Waters BBC HardTalk at Amused to Death har blitt fullstendig undervurdert.[24][25]

Den 15. april 2015 annonserte Waters at albumet kom til å bli ommastra og gjeven ut på ny 24. juli 2015 med ein ny 5.1 kringlydmiks, i tillegg til ein ny stereomiks. Denne kom ut på forskjellige format, som CD, SACD, Blu-ray og høgoppløyseleg nedlasting.[26] I ei melding i 2015 for den nye albumet, skreiv journalisten J.C. Maçek III i Spectrum Culture at «Ikkje alle album kan vere meisterverk, men Waters har sagt at Amused to Death er eit undervurdert verk som fortener å samanliknast med Dark Side of the Moon og The Wall. Men det er ikkje i nærleiken av desse albuma. Ommastringa gjer at det høyrest bra ut, men det er ikkje like uendeleg lyttbart som Waters er kapabel til å skape.»[23] I meldinga si for 2015-utgåva skreiv PopMatters: «ikkje berre har Amused to Death eldast godt musikalsk, det har uheldigvis eldast godt tematisk òg. [...] Amused to Death var og framleis er ei kraftfull melding frå ein av rockens mest beleste misantropar. Med tida er det vanskelegare og vanskelegare å forstå korleis dette glapp så grundig under radaren til så mange.»[20] Drowned in Sound skreiv: «Amused to Death står på egne bein som eit av dei betre, meir fengslande post-Floyd-platene.»[16]

I 2016 vann Amused to Death Grammyprisen for beste kringlydalbum.

Sal[endre | endre wikiteksten]

Amused to Death nådde åttandeplassen på UK Albums Chart, som var første gongen Waters nådde topp 10 i heimlandet. Han sette òg personleg rekord på Billboard 200 i USA, der albumet nådde 21. plassen, med hjelp av «What God Wants, Part I», som nådde fjerdeplassen på Billboard's Mainstream Rock Tracks-lista i 1992. Det har selt til sølvplate i Storbritannia for eit sal på 60 000 der.[27]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters.

# Tittel Lengd
1. «The Ballad of Bill Hubbard»   4:20
2. «What God Wants, Part I»   6:00
3. «Perfect Sense, Part I»   4:14
4. «Perfect Sense, Part II»   2:51
5. «The Bravery of Being Out of Range»   4:44
6. «Late Home Tonight, Part I»   4:01
7. «Late Home Tonight, Part II»   2:12
8. «Too Much Rope»   5:47
9. «What God Wants, Part II»   3:39
10. «What God Wants, Part III»   4:08
11. «Watching TV»   6:06
12. «Three Wishes»   6:52
13. «It's a Miracle»   8:30
14. «Amused to Death»   9:06
72:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve
Liste (1992) Plassering
UK Albums Chart[28] 8
US Billboard 200[29] 21
Singlar
Song Liste (1992) Plassering
«What God Wants, Part I» UK Single Charts[28] 35
«What God Wants, Part I» US Billboard Mainstream Rock[30] 4

2015-utgåva
Liste (2015) Plassering
UK Albums Chart[28] 10
Nederlands[31] 1
German Album Charts[32] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 White 1992, s. 5
  2. Rose 2015, s. 254
  3. 3,0 3,1 Rose 2015, s. 200
  4. Hanna, Emma (2009). The Great War on the Small Screen: Representing the First World War in Contemporary Britain. Edinburgh University Press. ISBN 9780748633906. 
  5. «A Game of Ghosts». The Radio Times (3523). 20. juni 1991. s. 50. ISSN 0033-8060. Henta 16. juli 2019. 
  6. «ATD Analysis». www.rogerwaters.org. Arkivert frå originalen 21. februar 2007. Henta 16. juli 2019. 
  7. «(Refrigerator) (1988)». Henta 6. september 2017. 
  8. Q magazine, 1992. november«Archived copy». Arkivert frå originalen 17. november 2013. Henta 16. juli 2019.  Invalid |dead-url=bot: unknown (hjelp)
  9. «Amazon.com: Customer Reviews: Shock Waves». Henta 16. juli 2019. 
  10. Rock.co.za Arkivert 4. april 2012 ved Wayback Machine.
  11. «The Kubrick FAQ Part 4». Arkivert frå originalen 24. mai 2013. Henta 16. juli 2019. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Rose 2015, s. 191
  13. «ATD - Neil Postman's Response». Henta 16. juli 2019. 
  14. 14,0 14,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Amused to Death – Roger Waters | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 16. juli 2019. 
  15. 15,0 15,1 Caro, Mike (3. september 1992). «Amused to Death». Chicago Tribune. Henta 14. juli 2019. 
  16. 16,0 16,1 Miller, Gavin (5. august 2015). «Album Review: Roger Waters – Amused to Death (Reissue) / Reviews / Reviews // Drowned in Sound». Drowned in Sound. Henta 16. juli 2019. 
  17. Sandow, Greg (11. september 1992). «Amused to Death Music Review». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 13. juni 2019. Henta 16. juli 2019. 
  18. 18,0 18,1 Boehm, Mike (13. september 1992). «Amused to Death». Los Angeles Times. Henta 14. juli 2019. 
  19. Gaar, Gillian G. (28. juli 2015). «Waters: Amused to Death Reissue Review :: Music :: Reviews :: Roger Waters :: Paste». Paste. Henta 16. juli 2019. 
  20. 20,0 20,1 Garratt, John (23. juli 2015). «Roger Waters: Amused to Death (Take 1) | PopMatters». PopMatters. Henta 16. juli 2019. 
  21. 21,0 21,1 Rathbone, Oregano. «Amused to DeathRecord Collector Magazine». Record Collector. Henta 16. juli 2019. 
  22. Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8. 
  23. 23,0 23,1 Maçek III, J.C. (11. august 2015). «Amused to Death». Spectrum Culture. Henta 16. juli 2019. 
  24. «BBC News Channel - HARDtalk, Roger Waters - Musikar». BBC. Henta 16. juli 2019. 
  25. BBC HARDtalk - Roger Waters - Musikar (19/9/13). YouTube. 20. september 2013. Henta 16. juli 2019. 
  26. «Roger Waters announces newly remixed version of Amused to Death». Consequence of Sound. Henta 16. juli 2019. 
  27. BPI Certifications, British Phonographic Industry, arkivert frå originalen 15. januar 2013, henta 16. juli 2019 
  28. 28,0 28,1 28,2 «ROGER WATERS». officialcharts.com. Henta 16. juli 2019. 
  29. «Roger Waters». billboard.com. Henta 16. juli 2019. 
  30. «Roger Waters». billboard.com. Henta 16. juli 2019. 
  31. «Roger Waters». Dutch Charts. Henta 31. juli 2015. 
  32. «Roger Waters». German Charts. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 31. juli 2015.