Radio K.A.O.S.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Radio KAOS)
Hopp til navigering Hopp til søk
Radio K.A.O.S.
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve 15. juni 1987
Innspelt Oktober-desember 1986 i The Billiard Room
Sjanger Rock
Lengd 41:24
Selskap EMI (Europa),
Columbia Records (US)
Produsent Roger Waters, Ian Ritchie og Nick Griffiths
Kritikk
Roger Waters-kronologi
When the Wind Blows
(1984)
Radio K.A.O.S. The Wall Live in Berlin
(1990)


Radio K.A.O.S. er eit konseptalbum av den britiske musikaren Roger Waters.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Konseptet er basert på ein 23 år gamal handikappa mann frå Wales kalla Billy. Den opphavlege ideen til Waters var ei mykje klårare forteljing i musikken og tekstane, men han gjekk bort frå dette under innspelingsprosessen og forklarte heller historia i plateomslaget. Det er ikkje enkelt å finne ut av historia ut i frå musikken aleine.

Billy er avhengig av ein rullestol og treng truleg særs mykje hjelp for å klare seg. Billy er derimot svært intelligent, men kan ikkje uttrykke seg sjølv. Billy har ein tvillingbror som heiter Benny og som arbeider i ei kolgruve. Benny mistar diverre jobben sin i gruvene på grunn av «marknadskrefter». Billy og Benny drar ut på ein pubrunde då dei passerer ein butikk med mange fjernsyn i vindauget der Margaret Thatcher talar «spottande og nedlatande». Benny lèt sinnet sitt gå utover denne butikken og stel ein trådlaus telefon. Det neste som skjer er at Benny står på toppen av ein gangbru og protesterer mot nedlegginga. Same kveld vert ein drosjesjåfør drepen av ei betongblokk som fall ned frå ei liknande bru. Politiet kjem for avhøyre Benny, som gøymer telefonen i rullestolen til Billy. Benny vert fengsla, og Billy oppdagar at han kan motta radiobølgjer (første spor, «Radio Waves») via telefonen. Han tar kontakt med ein radiostasjon i Los Angeles kalla Radio K.A.O.S. (albumtittelen) og fortel dei livshistoria si, om broren som er i fengsel («Me or Him», spor 3), om svigerinna som ikkje taklar situasjon og sender han til L.A. for å bu hos onkelen Dave («Sunset Strip», spor 5), og om nedlegginga av gruva («Powers That Be», spor 4). Billy hackar seg til slutt inn på ein militærsatellitt og narrar verda til å tru at interkontinentale atomvåpen snart vil gå av mot kvar einaste storby i verda («Home», spor 6, og «Four Minutes», spor 7). Albumet konkluderer med ein song om korleis alle, då dei trudde dei var i ferd med og døy, skjønar at frykta som massemedia skapar er mykje mindre viktig enn kjærleiken til familien og det større fellesskapet («The Tide is Turning», spor 8).

Albumet er dedisert til «til alle dei som finn seg i den valdelege enden av monetarismen». Dette og andre klipp frå albumet, der Waters til dømes kryssklippa Ronald Reagan sitt valkampslagord med klipp frå gamle westernseriar på TV, og ei tilsynelatande bøn frå amerikanske gislar om at det ikkje må utførast «heroiske» handlingar for å frigje dei, viser ganske klart det politiske synspunktet til Waters.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters

# Tittel Lengd
1. «Radio Waves»   04:58
2. «Who Needs Information»   05:55
3. «Me or Him»   05:23
4. «The Powers That Be»   04:36
5. «Sunset Strip»   04:45
6. «Home»   06:00
7. «Four Minutes»   04:00
8. «The Tide Is Turning (After Live Aid)»   05:43

Det vart laga tre andre songar for albumet, men dei vart berre spela på konsertar eller gjeve ut på singlar. «Going to Live in L.A.» fortel historia om korleis Benny hamnar i fengsel, og at svigerinna hans Molly ikkje taklar dette og sender Billy av gårde for å bu med onkelen Dave. «Get Back to Radio» er Benny sitt syn på kor einsam han er i fengselet. «Molly's Song» er Billy si soge om korleis han hackar seg inn på statlege satellittar for å halde auge med Molly.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • KAOS er kallesignalet for ein verkeleg radiostasjon, ein ikkje-kommersiell collegestasjon i Olympia i Washington i USA.
  • Jim, DJen som Billy snakkar med på Radio KAOS, er stemma til radiopersonen Jim Ladd.
  • Morsekoden på plateomslaget seier «Roger Waters Radio KAOS Who Needs Information Th».
  • Albumet inneheld skjulte meldingar. Den mest kjende av desse er morsekodemeldinga i byrjinga og slutten av albumet. Dette er eit «gøymd vers» frå «The Tide is Turning»:

Now the past is over but you are not alone

Together we'll fight Sylvester Stallone
We will not be dragged down in his South China Sea

of macho bullshit and mediocrity

Dette verset uttrykker at Waters mislikar korleis Sylvester Stallone-filmar herleggjer valdelege handlingar. Eit hint til dette skjulte verset finn ein i sjølve songen der Waters seier «The tide is turning, Sylvester.»
  • Waters spelte «The Tide is Turning» som ekstranummer på The Wall Live in Berlin-konserten i lag med alle gjesteartistane som hadde spelt.
  • Avslutningssongen «The Tide is Turning» vart lagt til som ein tilsynelatande «lykkeleg slutt» etter at EMI hadde fortalt Waters at albumet var for dystert til å selje.
  • Waters var ein av artistane som var påtenkt for Live Aid, men fekk ikkje vere med til slutt. David Gilmour frå Pink Floyd spelte derimot gitar for Bryan Ferry. Waters såg hendinga på TV og vart så inspirert at han skreiv «The Tide is Turning».
  • Arbeidstittelen på albumet var «Home», og Waters har sagt at songen «Home» uttrykkjer det sentrale temaet på albumet.
Roger Waters
Diskografi
Studioalbum: The Pros and Cons of Hitch Hiking | Radio KAOS | Amused to Death | Ça Ira
Filmmusikk: Music from «The Body» | When the Wind Blows
Konsertalbum: The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live
Samleplater: Flickering Flame
Video og DVD
Pink Floyd The Wall | The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live | The Making of The Dark Side of the Moon
Relaterte artiklar
Pink Floyd | David Gilmour | Alan Parker | Gerald Scarfe | Ron Geesin | The Final Cut | The Wall