Graham Lyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Graham Lyle
Graham Lyle In Belfast.tif
Fødd11. mars 1944 (75 år)
FødestadBellshill i Lanarkshire i Skottland
FødenamnGraham Hamilton Lyle
OpphavLargs i Skottland
Aktiv1965 til i dag
SjangerPop, folkrock, countryrock, adult contemporary, softrock, soul
InstrumentVokal, gitar, mandolin, banjo, bassgitar, fiolin, trommer, munnspel
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarGallagher & Lyle, McGuinness Flint, Ronnie Lane
PlateselskapCapitol, A&M, Mercury, Hypertension
Verka somlåtskrivar, songar, gitarist

Graham Hamilton Lyle (fødd 11. mars 1944) er ein skotsk songar-låtskrivar, gitarist og produsent, som har vore aktiv sidan midten av 1960-åra.

Han er ein av dei mest suksessrike skotske låtskrivarane og har vore medlåtskrivar på 17 topp 40-hittar i Storbritannia, åtte hittar på Billboard Hot 100 i USA, fire songar på toppen av country-lista i USA, ein song på toppen av adult contemporary-lista i USA og tre førsteplassar i Australia mellom 1970 og 1997. Som låtskrivar har han samarbeidd med Terry Britten, Albert Hammond, Troy Seals, Jim Diamond og partneren Benny Gallagher.[1][2]

Den mest kjende låten han skreiv er Tina Turner-hitten «What's Love Got to Do with It?» i 1984, som nådde toppen av listene i USA, Canada og Australia og som gav han Grammy-prisen for årets song det året.[3] Han er òg godt kjend i Storbritannia og Europa som medlem av Gallagher and Lyle, McGuinness Flint og Ronnie Lane-bandet Slim Chance.[4]

Songar av Lyle er blitt framført av somme av dei største namna i musikkindustrien, som Michael Jackson og Stevie Wonder, Ray Charles, Diana Ross, Etta James, Patti Labelle, Anita Baker, Joe Cocker, Wyclef Jean, Fat Joe, Rod Stewart, Tom Jones, The Neville Brothers, Hall and Oates, Kenny Rogers, Crystal Gayle, Jim Diamond, The Judds, Wet Wet Wet, Paul Young, Bucks Fizz, Eros Ramazotti og Warren G, men det er arbeidet med Tina Turner Lyle er mest kjend for.[5]

Hitsinglar som låtskrivar[endre | endre wikiteksten]

McGuinness Flint[6][7][8]

Gallagher and Lyle[6][7][9]

Jim Diamond[6][7][12]

Tina Turner[6][7][12][13][14]

Connor Reeves[6][7]

  • «My Father's Son»: UK#12 (1997)
  • «Earthbound»: UK#14 (1997)

Førsteplassar på countrylista i USA[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BBC Radio Scotland - Musical Legends, Graham Lyle». bbc.co.uk. Henta 14. mai 2016. 
  2. «Goodsingle - License music the easy way». goodsingle.com. Henta 14. mai 2016. 
  3. «International Tina Turner Fan Club - Archives». tinaturnerfanclub.eu. Henta 14. mai 2016. 
  4. «Gallagher & Lyle Biography - ARTISTdirect Music». artistdirect.com. Henta 14. mai 2016. 
  5. «Hornall Brothers, Graham Lyle». hobro.co.uk. Henta 14. mai 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Goodsingle - License music the easy way». goodsingle.com. Henta 14. mai 2016. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 «everyHit.com - UK Top 40 Chart Archive, British Singles & Album Charts». everyhit.com. Henta 14. mai 2016. 
  8. «McGuinness Flint - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  9. «Gallagher & Lyle - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  10. «Bryan Ferry - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  11. «Art Garfunkel - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  12. 12,0 12,1 «Number Ones in 1985 - Take 40». take40.com. Henta 14. mai 2016. 
  13. «Tina Turner - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  14. «Number Ones in 1984 - Take 40». take40.com. Henta 14. mai 2016. 
  15. «Crystal Gayle - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  16. «The Judds - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 
  17. «Eddy Raven - Chart history | Billboard». billboard.com. Henta 14. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]