Graneverftet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graneverftet 1809. (K. Ormhaug, Dreiers Bergen 1998)

Graneverftet eller Grans træskibsbygger var eit skipsverft i Sørevågen i Laksevåg ved Bergen som vart grunnlagd i 1805 av Jens Gran. Graneverftet reparerte handelsfartøya i flåten til Gran og var starten på verftsindustrien på Laksevåg, som på ei tid var den største i landet.

I 1810 bestod Graneverftet av ei trebygge med maste- og kjølhalingskran, eit «Løbende-Spil», eit materialhus og eit bekkokeri.

Gran hadde mange skip i flåten sin og under krigen 1807-1814 vart den bergenske handelsflåten redusert frå 241 til 88 skip, og Gran mista aleine 50 skip. Sonen til Jens Gran, Hermann Gran, gjekk i lære ved Rewers & Søns Verft i Kristiansand og København og kom attende til Bergen, der han vart skipsbyggmeister. I 1824 tok han over drifta av reparasjonsverkstaden og gjorde det om til skipsbyggeri.

Verkstaden brann ned i 1830, men vart bygd opp att og kunne etter reparasjonen ta hand om større skip. I 1839 vart verftet utvida på ny då Herman Gran kjøpte eigedomen til Grønlandskompaniet på sørvestsida av Tørrisneset. Sønene til Herman Gran, Jens og Henrik, overtok Graneverftet i 1854.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]