Hopp til innhald

Grinde-Vetlefjorden-Balestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grinde-Vetlefjorden-Balestrand
TraséGrinde-Vetlefjorden-Balestrand-Vangsnes
RutenettBilferjer i Vestland
DriftselskapFylkesbaatane
Oppretta1939
Tidlegare traséGrinde-Vetlefjorden-Balestrand
Nedlagt1956
Overtok forLærdal-Vadheim
Erstatta avHella-Vangsnes-Dragsvik

Grinde-Vetlefjorden-Balestrand var eit ferjesamband mellom Grinde ved Leikanger i dåverande Leikanger kommune, Ulvestad i Vetlefjorden i dåverande Balestrand kommune, og Balestrand. Sambandet vart til i 1939 då Lærdal-Vadheim vart delt opp som ein konsekvens av vegbygginga langs Sognefjorden og opninga av vegen over Gaularfjellet.

Vangsnes i Vik kommune fekk ferjelem i 1945 og vart eit fast stopp på sambandet. I 1956 opna veg frå Grinde til ny ferjekai på Hella i tillegg til ny ferjekai i Dragsvik, og me kjenner sambandet i dag som trekantsambandet Hella-Vangsnes-Dragsvik.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]