Grit Breuer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grit Breuer
Bundesarchiv Bild 183-1989-0722-020, Grit Breuer, Katrin Schreiter, Petra Krug.jpg
17 år gamle Grit Breuer (82) spring inn til siger på 400 m under den austtyske friidrettsmeisterskapen 1989 i Leipzig
Fødd 16. februar 1972
Röbel
Grit Breuer på Commons

Grit Breuer (fødd 16. februar 1972) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Röbel/Müritz i Mecklenburg-Vorpommern som til og med 1990 representerte Aust-Tyskland, der etter det samla Tyskland. Ho vart europameister på 400 meter i 1990 og 1998 og vann elles EM-gull 1990 og VM-gull 1997 i 4 x 400 meter stafett. Til saman vann ho seg gull-, tre sølv- og like mange bronsemedaljar i dei store internasjonale utandørsmeisterskapane.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Breuer markerte seg i verdstoppen på spesialdistansen 400 m då ho under IAAF sitt verdscupstemne for 1989 vart nummer to på tida 50,67, fattige 0,07 sekund bakom vinnaren, kubanske Ana Fidelia Quirot som representerte Americas. Under friidretts-EM 1990 vann Breuer 400-meteren på ny personleg rekord, 49,50 sekundar. På den lange stafetten i same meisterskapen sprang ho Aust-Tyskland inn til suveren siger, etter at Manuela Derr, Annett Hesselbarth og Petra Schersing hadde ført laget i tet. Året etter presterte Breuer sitt livs snøggaste 400-meterløp i VM-finalen i Tokyo på tida 49,42, noko som gav henne sølvmedaljen etter som franske Marie-José Pérec noterte seg for 49,13 sekundar. Like etter verdsmeisterskapen sette Breuer i Köln personbeste på 200 meter med 22,45 sekundar.

Etter ho var utestengd frå idretten grunna doping, tok det tid før Breuer var god for tider under 50 sekundar på 400 meter. I 1997 nærma ho seg sitt tidlegare toppnivå og fekk gleda av å springe Tyskland inn til siger i 4 x 400 m stafett under VM 1997 i Aten, eitt tidels sekund framom USA si ankerkvinne. Med seg på vinnarlaget hadde ho Anke Feller, Ute Rohländer og Anja Rücker. Den 12. august 1998 vart Breuer klokka inn på 49,51 i eit stemne i Zürich. Dermed var ho favoritt til EM-tittelen på distansen i Budapest, og ho innfridde med triumfar både individuelt og saman med Feller, Rohländer og Silvia Rieger i stafett.

Sesongane 1999-2004 såg Breuer 49-talet på 400 m ein einaste gong, i Stuttgart sommaren 2001 vann ho eit løp på tida 49,78 sekundar. Ho kneip EM-sølvet på spesialdistansen i 2002 og i 4 x 100 m stafett vann bronse i VM 1999 og sølv i VM 2001. Si tolvte og siste internasjonale medalje tok Breuer då ho som ankerkvinne spurta Tyskland inn til gullmedalje i 4 x 400 m stafett under europameisterskapen i München, etter at Florence Ekpo-Umoh, Birgit Rockmeier og Claudia Marx hadde teke seg av dei tre fyrste etappane.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Breuer og lagvenninna Katrin Krabbe vart i 1992 stengd ute i eitt år frå idretten av det nasjonale friidrettsforbundet. Ei dopingprøve viste bruk av clenbuterol, eit stoff som ikkje stod på dopinglista då prøva til Breuer vart teke. Likevel valde Det internasjonale friidrettsforbundet å utvide utestenginga til tre år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1990 i Split: Gull på 400 m – 49,50, og i 4 x 400 m stafett (3.21,0)
  • VM 1991 i Tokyo: Sølv på 400 m – 49,42. Bronse i 4 x 100 m stafett (42,33) og i 4 x 400 m stafett (3.21,2)
  • OL 1996 i Atlanta: Bronse i 4 x 400 m stafett (3.21,1), nr 8 på 400 m – 50,71
  • VM 1997 i Aten: Gull i 4 x 400 m stafett (3.20,9), nr 4 på 400 m – 50,06
  • EM 1998 i Budapest: Gull på 400 m – 49,93, og i 4 x 400 m stafett (3.23,0)
  • VM 1999 i Sevilla: Bronse i 4 x 400 m stafett (3.22,4), nr 7 på 400 m – 50,67
  • VM 2001 i Edmonton: Sølv i 4 x 400 m stafett (3.21,9), nr 4 på 400 m – 50,49
  • EM 2002 i München: Sølv på 400 m – 50,70, gull i 4 x 400 m stafett (3.25,1)
  • VM 2003 i Paris: Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.26,2)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i forsøka i 4 x 400 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]