Gudmund Danielsen Brede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gudmund Danielsen Brede (3. februar 191123. desember 1951) var ein norsk redaktør, målmann og forfattar.

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Brede blei fødd på garden Hov i Tjeldsund. Foreldra hans var Ingebrigt Kristian Danielsen og Emerentze Kristine Danielsen (født Hansdatter). Ingebrigt hadde først vore gift med Emilie Olausdatter (1855-1899), og dei hadde 8 barn. Ingebrigt og Emerentze fekk 13 barn. Gudmund hadde såleis 20 søsken fødde mellom 1886 og 1920.

Gudmund Brede var gift med Ragnhild Heggelien, født 19. februar 1918. Dei hadde barna Kolbein Ingemund, f. 1940, og Solfrid Eldrid, f. 1945.

Unge år og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Som ung gut rodde Gudmund fiske og han var kokkglunt på landnot. Men så gjekk han på folkehøgskole i fleire år. Han gjekk både på Voss, i Trøndelag, på Vågan folkehøgskole i Kabelvåg (1928-1929) og på Trondarnes folkehøgskole (1932-1933). Deretter drog han til Danmark og gjekk på Den Nordiske Folkehøjskole, og seinare gjekk han på den internasjonale folkehøgskolen i Helsingør.

Gudmund Brede tok også handelsskole-eksamen, og deretter gjekk han over til journalistikken. Han gjennomførte Hans Aarnes sin Bladmannaskule og fleire pressekurs i Danmark og Noreg.

Bladmann[endre | endre wikiteksten]

I 1937-1938 var Gudmund Brede redaktør i Ofotens Folkeblad (frå nr 74/1937 til nr 22/1938). Ofotens Folkeblad kom ut i Narvik i åra 1922-1955, med eit avbrekk i krigsåra 1943-45. Gudmund Brede var så lærar i Salten og Lofoten eit par år. Han fungerte også som redaktør for bladet Midnattsol i 1945 og 1946. Deretter var Gudmund Brede redaktør for Vesteraalens Avis frå 1944 til 1948 (frå nr 28/1944 til nr 101/1948).

Då venstreavisa Haalogaland starta opp att etter andre verdskrigen i 1949, blei Gudmund Brede redaktør (frå nr. 1, 2. april 1949). Etter at Gudmund Brede døydde, overtok Thor C. Conradi som redaktør i Haalogaland.

Målmannen[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Brede var med å skipe Tjeldsund mållag 24. august 1934, og han blei vald til formann. Sommaren 1935 heldt Tjeldsund mållag ei stor stemna i samband med Troms fylkesmållag sitt årsmøte. Ved 10-årsjubileet i 1945 gav Tjeldsund mållag ut eit trykt nummer av Tjeldsundingen. Formann i laget var då framleis Gudmund Brede.

Gravferd[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Brede døydde 23. desember 1951. Han blei gravlagd frå Bethel i Harstad 28. desember 1951. Kista blei ført til heimbygda i Tjeldsund.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Gudmund Brede gav ut tre bøker:

I tillegg skreiv Brede også fleire artiklar i Håløygminne.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «HÅLØYGMINNE». www.hminne.no. Henta 22. april 2019. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Eidnes, Hans 1944: Trondarnes folkehøgskole 1919-1944. Harstad: Aas & Søns boktrykkeri (side 122-124)
  • Eidnes, Hans 1951: ”Gudmund Brede” [minneord, av] H.E. [Hans Eidnes], Haalogaland 29. desember 1951.
  • Naustvik, Konrad 1994: Lødingen, Tjeldsund og Tysfjords historie II. Gårds- og slektshistorie for Tjeldsund IIA.
  • Ruud, Edvard 1951: ”Gudmund Brede i sin beste alder – 40 år.” [Av] Edv. Ruud, Senjens Blad 30. januar 1951.
  • Universitetsbiblioteket 1973: Norske aviser 1763-1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket
  • Årbok for Tjeldsund 2011, Årg 23, utgitt av Tjeldsund lokalhistorielag, K. Nordahls Trykkeri, Sortland; (side 26:) ”Tjeldsund Mållag”.
  • Årbok for Tjeldsund 2011, Årg 23, utgitt av Tjeldsund lokalhistorielag, K. Nordahls Trykkeri, Sortland; (side 28): ”Gudmund Brede i sin beste alder – 40 år.” Av Edvard Ruud (frå Senjens Blad 1951, same som Edvard Ruud 1951).