Gudrun Waadeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudrun Waadeland
Fødd3. august 1937
FødestadOslo
Verka somskodespelar, filmskodespelar
EktefelleSvein Erik Brodal
PrisarKongens fortenestmedalje

Gudrun Waadeland (fødd 3. august 1937 i Oslo) er ein norsk skodespelar, teaterinstruktør og tidlegare sjef for Riksteatret, ei stilling ho hadde i tolv år, frå 1975 til 1987. I 1971 gifta ho seg med skodespelar, teatersjef og forfattar Svein Erik Brodal. Per Ung laga i 1987 ei byste av henne som står hos Riksteatret i Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gudrun Waadeland fullførde examen artium i 1956 og studerte deretter jus eit år før ho kom inn på Statens teaterskole i 1957. Alt medan ho studerte debuterte ho på Nationaltheatret. Det skjedde i 1959 i ei rolle i skodespelet Tornerose av Hans Wiers-Jenssen. I 1964 tok ho mellomfag i teatervitskap og i 1966 grunnfag i kunsthistorie.

I 1960 byrja ho som skodespelar i Fjernsynsteatret. Deretter hadde ho rollar på Riksteatret og Edderkoppen Teater før ho kom til Det Norske Teatret. Frå 1970 vart ho fast knytt til Riksteatret og var i tillegg til å vere skodespelar òg kunstnarisk konsulent og instruktør.

Då Gudrun Waadeland i 1975 vart utnemnt til teatersjef for Riksteatret, var det mange tiår sidan det hadde vore kvinneleg teatersjef i Noreg. Dramatikarverkstaden Askeladden vart etablert i 1977 etter hennar initiativ, det same vart dukketeateravdelinga med ein dukkespelarutdanning (treårig) på nivå med skodespelarutdanninga på Teaterhøgskolen. Ho sette opp mykje samtidsdramatikk og spelte sjølv òg i mange stykke i tida ho var sjef på Riksteatret.

Frå 1999 har ho vore leiar for stiftinga Akershus Festning for Kunst og Kultur. Året etter opna ho Nordens litterære teaterAkershus festning. Der samarbeider ho med den danske regissøren Sam Besekow. Med han og Svein Erik Brodal har ho òg drive salongteateret Henrik Ibsens Teater, der ein spelar Henrik Ibsens Når vi døde vågner i ein versjon for to personar. Denne har òg turnert i utlandet.

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • Formann i Norsk Teaterlederforening, 1983–88
  • Formann i Nordisk Teaterlederråd
  • Formann i Norsk Filmproduksjonsutvalg 1985–88

Heider[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Bakvendtland. Barnekomedie basert på Alf Prøysens tekster, 1972
  • Bubabei – vil du leke med meg?, barnekomedie, 1973 (ny utg. Bestefarsfjernsynet, 1974)
  • Amalie og Bjørnstjerne: Brevene 1982
  • DD. MM. Kongen og Dronningen – Oscar og Sophie 2003

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]