Gusli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gusli
Gusli tradition.png
Klassifiseringklimpreinstrument, slaviske musikkinstrument, baltiske psalter
Hornbostel-Sachs klassifisering314.122-5

Gusli[1] (russisk Гусли; ukrainsk husli) er eit russisk strengeinstrument som svarar til tysk siter og finsk kantele.[2] Gusli blir av og til spelt med plekter som ein held i høgrehanda, men blir spelt utan plekter i den «folkelege» tradisjonen. Venstrehanda dempar dei strengane som ikkje skal lyda og plukkar på einskilde strengar når høgrehanda ikkje rekk til. Høgrehanda slår på strengane, eller plukkar på einskilde strengar for å spela melodien. Guslien er det eldste kjende russiske strengeinstrumentet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Guslien er eit av dei eldste kjende russiske strengeinstrumenta. Han liknar tysk siter, finsk-karelsk kantele, latvisk kankles og estisk kannel med fleire. Heltar i russisk folkeminne, som Sadko og Dobrynja Nikititsj, spelar gusli.

Gusli blei hovudsakleg laga av gran- eller furutre og blei spelt på festar og når det skulle dansast i dei russiske byane i nordvestdelen av landet. På 1800-talet blei han erstatta av trekkspel på byfestane.[2]

Ulike typar gusli[endre | endre wikiteksten]

Vengegusli[endre | endre wikiteksten]

Vengegusli med 11 strengar.

Gusli av vengetype varierer i form og storleik, men eit kjenneteikn på at dei tilhøyrer same variant er at dei har mindre plass mellom strengene på den eine sida og meir på den andre. Denne guslivarianten er triangelforma. Som oftast er han 4–5 cm tjukk og ikkje meir enn 80 cm lang. Eit teikn på at eit instrument tilhøyrer denne gusligruppa er at lokket hans ikkje berre er avgrensa av stemmeskruene, men òg dannar ei utståande «venge» som kan vera støtte for venstrehanda.

Denne typen gusli pleier ha mellom 5 og 17 strenger, avhengig av storleik og dessutan strengefestetype. På «vengetypen» dempar ein nesten aldri den lågaste strengen, ettersom dette gjev ein meir klangfull lyd. Denne strengen blir ofte kalla for bordun. Det finst opptil 12 moglege stemmingar av denne guslitypen.

Lyregusli[endre | endre wikiteksten]

Lyregusli, òg kalla Novgorod-gusli.

Gusli av lyretype blir òg kalla for gusli med «spelevindauge» eller Novgorod-gusli. Denne typen var meir vanleg i Novgorod, og blir rekna av historikkar for å vera den eldste varianten av instrumentet, ettersom det finst lyrevariantar av gusli att frå 600–700-talet. Guslien har eit hòl på baksida der musikanten plasserer den venstre handa si og dempar strengene nett som på vengetypen. Desse gusliane blir haldne loddrett når ein speler på dei, og nedre delen kviler anten på kneet eller mellom beltet og magen.

Hjelmgusli[endre | endre wikiteksten]

Hjelmgusli, òg kalla psalterium, har ei avrunda form som minnar om ein hjelm. Han pleier ha mellom 10 og 26 strengar, og blir stemt som vengevarianten. Hjelmguslien blir plassert som vengevarianten opprett på kneet til musikanten. Det som skil dei to typane er at ein ikkje spelar akkordar som på ein gitar, men i staden speler melodien med ei hand og akkordane med den andre. Ein kan òg spela etter kantele-, kannel- eller kanklestradisjon, der ei hand plukkar melodien og den andre plukkar ein kvint eller kvart til tonen ein speler.

Klingande gusli[endre | endre wikiteksten]

Akademisk gusli.

Klingande gusli (russisk Гусли звончатые, gusli zvontsjatye), òg kjend som «akademisk» eller «konsertgusli», er ein sterkt modifisert versjon av vengegusli.[3] Skilnaden mellom dei to er at den klingande guslien har fleire strenger enn den av vengetype, ingen venge som framhald på instrumentet men derimot ein stol ved stemmeskruene.

Den klingande guslien blei funnen opp av adelsmannen V. Andrejev, som òg er kjend for moderniseringane sine av domraen og balalaikaen. På denne typen gusli spelar ein som oftast melodiar på enkelte strenger (som på hjelmguslien), til skilnad frå venegguslien der ein stryk handa over dei fleste strengene – som når ein spelar akkord på ein gitar. Men denne metoden blir òg nytta på den akademiske guslien og pleier å brukast i omarbeidde «akademiske» stykke for å gje dei meir «folkeleg» karakter.

Bordgusli[endre | endre wikiteksten]

Bordgusli.

Bordguslien blei utvikla ved slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet. Han var av og til eit berbart instrument som spelemannen la på knea sine i staden for å stilla det horisontalt, ettersom det var betydeleg større enn alle dei andre guslivariantane. Det var likevel vanlegare at han blei lagt på eit bord eller stod på støttebein. Ein slik gusli brukte som oftast rike menneske å ha i heimane sine for å spela på til fest. Bordguslien pleidde å ha betydeleg fleire strengar enn andre, opptil fire oktavar.

Guslien blir no brukt i det akademiske miljøet, der han er blitt utvikla til ein gusli med eit tangentar som frigjer og dempar strengene ved å trykka på ein tast som tilsvarar ein akkord. Dette gjev ein endå større variasjon i utviklinga av speleteknikker. Før brukte denne guslien blir spela meir som hjelmguslien, det vil seia at strengene blei spelt parvis for å skapa ein melodi i staden for å spela med akkordar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kantele» i Nationalencyklopedin på nett. Henta 19. april 2014.
  2. 2,0 2,1 «Rysslands svar på kantelen». Henta 19. februar 2021. 
  3. LaPasha, L. Robin C. (5. mars 2006). «A Gusli Page». Robin LaPasha's Home Page (på engelsk). Henta 19. april 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]