Guttorm Granum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guttorm Granum
Fødd4. juli 1904
Vardal kommune
Død14. september 1963 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Guttorm Granum (4. juli 190414. september 1963) var ein norsk grosserar og politikar frå Vardal i Oppland. Han representerte partiet HøgreStortinget i tre valperiodar, fyrst frå 1950 til 1953, deretter frå 1958 til han døydde hausten 1963.

Granum var son til ein gardbrukar i Vardal. Etter å ha fullført middelskulen i 1919, gjekk han 1921-23 handelsskule og 1923-25 Oslo Handelsgymnasium. Før han i åra 1925-30 dreiv kontor- og forretningspraksis på Gjøvik, gjekk han eit kurs på Reklameskolen i Oslo. I 1930 starta han opp kolonial-engrosfirmaet Guttorm Granum og dessutan Granum & Eftedals Handelsskole. Handelsskulen selde han i 1940 og engrosfirmaet til Kjøpmændenes Engrosforretning A/S i 1950. I 1946 starta han ein konfeksjonsfabrikk som han selde i 1949. Frå 1955 til han døydde var han disponent i Kjøpmændenes Engrosforretning A/S.

Granum var medlem i Gjøvik bystyre i periodane 1945-47 og 1956-59. Perioden 1950-53 representerte han kjøpstadene i Hedmark og Oppland fylke; Gjøvik, Hamar, Kongsvinger og Lillehammer, på Stortinget. Han vart ikkje attvald i 1953, men lukkast å kome innatt på Stortinget i 1957. Både i valperioden 1958-61 og 1961-65 var han representant for fylkeskrinsen Oppland. Han var sekretær i Justiskomiteen 1950-53 og 1958-61, medlem i Sosialkomiteen og Valkomiteen 1961-63. Granum var medlem i landsstyret til Høgre 1950-54, og programkomitéen i partiet 1955-57.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]