Haakon Løken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Håkon Løken)
Gå til: navigering, søk
Håkon Løken signature.png

Haakon Løken (9. november 185910. september 1923) var ein norsk jurist, pressemann og politikar frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Han var son til Herman Løchen og i samtida kjend som ein framifrå folketalar.

Løken var timelærar i språk 1876-81 og redaksjonssekretær i Nyt tidsskrift 1882-83. I 1884 vart han cand.jur. og arbeidde dei neste åra som overrettssakførar i Trondheim. Han var redaktør i Dagsposten frå 1890 til 1902, før han tok med seg staben over i den nystarta avisa Nidaros, der han var fram til 1910. Han var dessutan konstituert borgarmeister i Trondheim eit par år, før han i 1910 blei statsadvokat i Bratsberg og Nedenes (Telemark og Aust-Agder), og frå 1913 i Oslo. Han var konstituert fylkesmann i Oslo i periodane 1918–1920 og 1921–1923.

Løken var formann i Trondhjems liberale forening i tjue år frå 1881, styremedlem i Venstre i 1903. Perioden 1899-1910 var han med i formannskapet i Trondheim. Elles hadde han ei mengd verv, både offentlege og sivile. Han skreiv fleire bøker i ulike sjangrar. Løken er elles kjend for å ha gjeve namn til Trollheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]