Høgemoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Springaren Høgemoen, og kalla Kongsbergen, er nytta i Numedal, Hallingdal og Valdres. Namnet Høgemoen er kjend i Telemark. Slåtten er heller knapp i forma, og er truleg gamal. Slåtten er spela både på oppstilt og nedstilt bass.

Slåtten har vore nytta av Gudbrand Skjellerud, og kan ha opphavet sitt i nedre Hallingdal eller Krødsherad.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har hovedgruppa under nr 488 i Hardingfeleverket. Ein variant har nr 235, og ein har nr 570. Springar nr 205 er og skyldt gruppa. Til saman er det då trykt opp åtte former av slåten. Den mest nytta forma frå Valdres, etter Ola Reishagen, er diverre utelate frå verket. Gudbrand Skjellerud er kjelda til to av formene i lista under. Dei to formene frå Telemark er truleg henta frå Numedal.

.