Preikestolvers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høgtidsvers)
Hopp til navigering Hopp til søk

Preikestolvers eller høgtidsvers er eit salmevers som vert sunge på høgtidsdagar, medan presten står på preikestolen. Kyrkjelyden syng verset etter nokre innleiande ord frå predikanten, før han les evangeliet for høgtidsdagen. Kyrkjelyden plar reise seg når dei syng høgtidsverset. Dei høgtidsversa som vert mest bruka i Den norske kyrkja, er skrivne på dansk av Birgitte Cathrine Boye i 1778 og omsette til nynorsk av Elias Blix i 1902.

I salmebøkene frå dansketida[endre | endre wikiteksten]

I Kingos salmebok er det fyrste verset av «Et lidet Barn saa lysteligt» forskrive som preikestolvers frå jul til kyndelsmesse. I sjølve julehelga skulle verset syngjast tre gonger før evangeliet vart lese frå preikestolen.

Tilsvarande er fyrste verset av «Christ stod op af Døde» foreskrive som preikestolvers frå påske til Kristi himmelfartsdag. Verset skulle syngjast tre gonger fyrste, andre og tredje påskedag.

I pinsehelga skulle kyrkjelyden syngje fyrste verset av «Nu bede vi den Helligaand» tre gonger før presten las evangeliet frå preikestolen.

I Guldbergs salmebok er nær treparten av salmane skrivne av Birgitte Catrine Boye, ho som fekk tilnamnet «kvinna med høgtidsversa». Her er høgtidsverset for jula anten «Syng høyt, min Siel! vær hierteglad» eller «Os er i Dag en Frelser fød», for påska «Han er opstanden! store Bud» eller femte verset av «Hvad er dog Paaske sød og bliid», på Kristi himmelfarsdag «Det er fullbragt! Den faldne Jord» og i pinsa «O lue fra Guds Kierlighed».

I Nokre Salmar[endre | endre wikiteksten]

I femte utgåva av Elias Blix' Nokre Salmar står fire preikestolvers heilt bak i samlinga:

I dagens norske salmebøker[endre | endre wikiteksten]

I Norsk Salmebok er det ikkje spesielt markert kva for songar som høver som høgtidsvers, men det er vanleg å bruke

Desse salmane har det til felles at dei berre har eitt vers, dei går på gamle melodiar og både bokmåls- og nynorskforma er tekne med i salmeboka.