Tredje påskedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gud vere lova! Livsens drott
Har gjort all myrkheims makt til spott
Og kalla oss til ære!!

J.N.Skaar etter latinsk mellomaldersalme,
Nynorsk salmebok nr 263
Signing med vievatn under ein ortodoks prosesjon på tredje påskedag.

Tredje påskedag er tysdagen etter påske. Han er ein del av den lysande veka i ortodoks kristendom, som kan feirast med religiøse prosesjonar.

I Danmark og Noreg var tredje påskedag heilagdag fastsett i Kristian den femtes norske lov til han vart fjerna frå 1771 gjennom Festdagsreduksjonen. Dagen har vore halden som «halvhelg» lang tid etter dette. Då dagen var heilagdag i Danmark og Noreg, vart det i kyrkja preika over Evangeliet etter Lukas, 24. kapittel versa 36-48, Jesus syner seg for disiplane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]