Haakon Finstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon Finstad
Fødd10. november 1860
Øvre Rendal kommune
Død20. mars 1943
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkeoverlærar, politikar

Haakon Sæmingsen Grindalen Finstad (10. november 186020. mars 1943) var ein norsk lærar og politikar frå Øvre Rendalen i Hedmark. Han vart stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i åra 1913-18.

Finstad var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Hamar i 1882, og student i Kristiania 1884. I 1892 tok han språkleg-historisk lærareksamen ved universitetet i Kristiania og var det neste året lærar ved Nordstrand middelskole og underviste så 1893-97 ved Gundersens skole, også desse i hovudstaden. Han flytta så til Nord-Noreg, arbeidde fyrst to år ved Bodø middelskole, medan han i tida 1899-1908 var lærar ved Vadsø høgre allmennskule. Åra 1909-18 var han overlærar og styrar av den høgre allmennskulen i Hammerfest. Til sist var han styrar og lektor ved Kragerø kommunale høgre allmennskule fram til 1931.

Finstad var formann i Fisker- og arbeiderforeningen i Vadsø 1904-08, og i Hammerfests arbeider- og fiskerforening 1911-13. Ved stortingsvalet 1912 vart han vald til representant for kjøpstadene i Finnmark, attvald tre år seinare. På tinget var Finstad medlem 1913-15 i Protokollkomiteen og 1916-18 i Konstitusjonskomiteen og Utanrikskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]