Handball-NM 1988 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 1988 for kvinner vart vunne av Byåsen Idrettslag etter finalesiger 21-18 over byrival Sverresborg Idrettsforening.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Nidarøhallen i Trondheim i desember 1988 framfor 3 700 tilskodarar. Byåsen leia 8-7 ved pause, «men i 2. omgang hadde Sverresborg lite å stille opp mot et raskere Byåsen-lag»[1] som gjekk opp i 21-18 før sluttsignalet let.

Byåsen sitt vinnarlag bestod av: Brit Akslen og Wenche Næss (målvakter), Trine Haltvik 8, Karin Pettersen 1, Marit Johnsen, Mia Hermansson 6, Birgitte Ansok, Gry Haltvik 1, Kari Knudsen 1, Janne Larssen, Elisabet Sagfjæra 3 og Marit Lægdheim 1.

Sverresborg mønstra fylgjande spelarar: Vibeke Johnsen og Hege Frøseth (målvakter), Marte Eliasson 4, Carla Kleintjens 4, Veslemøy Årnes, Karin Singstad, Ellen Gullbrekken 7, Hanne Hogness 1, Heidi Tingelstad 1, Hilde Riksfjord, Lisbeth Kvernø 1, Monica Skjelstad.

Ove Ragnar Olsen og Yngve Walstad dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 89-90.
  1. NTB-reportasje