Handball-NM 1998/99 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 1998/99 for kvinner vart vunne av Bækkelagets Sportsklub etter finalesiger 25 – 21 over Larvik Håndballklubb.
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]- Byåsen IL – Larvik HK 25 – 29
- Bækkelaget SK – Nordstrand IF 39 – 16
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 13. februar 1999 framfor 6 934 tilskodarar. Laga låg likt til 8 – 8, deretter rykte Bækkelaget ifrå til 14 – 8. Ved pause stod det 16 – 11 på måltavla. I den andre omgangen kontrollerte oslolaget kampen inn til firemålssiger 25 – 21.
Bækkelaget sitt meisterlag bestod av Cecilie Leganger, Monica Kyvåg, Hong Jeong-Ho (5), Gitte Madsen (3), Anja Andersen (8), Sahra Hausmann (3), Siv Heim Sæbøe (2), Kari Anne Hole (2), Lise Larssen (1), Stine Steen (1) og Mette Ruud Johansen.
Larvik-måla kom frå Lina Olsson (8), Cathrine Haakestad (4), Kristine Duvholt (2), Kristine Moldestad (2), Katja Nyberg (2), Heidi Flaatnes (1), Birgitte Sættem (1), Line Eftang (1).
Dommarane Rune Forbord og Ole Jørstad straffa Bækkelaget med fire 2-minuttutvisingar og Larvik med fem.