Katja Nyberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katja Nyberg
Katja Nyberg2.jpg
Fødd 24. august 1979
Stockholm
Yrke handballspelar, håndballtrener
Katja Nyberg på Commons

Katja Johanna Alice Nyberg (fødd 24. august 1979) er ein finsk-norsk handballspelar, fødd i Stockholm i Sverige. Ho har sidan 2010 spela for den norske klubben Larvik HK. I perioden 2001-08 spela ho 99 landskampar for Noreg og skåra 321 mål, og vart europameister to gongar og olympiameister i 2008. Ho er venstre rykkrom-spelar. Den finske handballspelaren Robert Nyberg er far hennar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nyberg dreiv i yngre år mest med friidrett. I høgdehopp sette ho personleg rekord med 1,67 meter, men framfor alt satsa ho på spydkast, med pers på 52,50 meter.

Ho starta med handball i Helsingfors-klubben Sparta IF, der far hennar var trenar. I 1997 flytta ho til Sverige og spela ein sesong for Stockholmspolisen IF, som vann seriemeisterskapen 1998.

Sommaren 1998 melde Nyberg overgang til den norske toppserieklubben Larvik. Ho spela sju sesongar for Larvik og vann fem seriemeisterskap, fire cupmeisterskap og den europeiske cupvinnarcupen. Både i 2001 og 2005 vart ho kåra til «Årets spelar» i Noreg.

Sommaren 2005 reiste Nyberg til Slovenia og spela den neste sesongen for Krim Ljubljana. Sesongane mellom 2006 og 2010 spela ho for danske Ikast (=FC Midtjylland). Frå sommaren 2010 spelar ho atter i Larvik HK. Ho var med å vinne cupen 2011, og tok dermed del i sin femte kongepokal.

Nyberg vart norsk statsborgar i januar 2001, og fekk sin debut på Noregs landslag 23. mars 2001 mot Frankrike. Ho vann EM-sølv i 2002, og vart europameister med Noreg i 2004 og 2006. Sidan fekk ho sølv i VM i 2007, der ho vart kåra til den «mest verdfulle spelaren» i meisterskapen. Året etter vann ho gull under OL i 2008, saman med resten av det norske landslaget.

Etter OL-sigeren vart Nyberg utnemnd til æresmedlem av det finske handballforbundet.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2002 – Sølv
  • VM 2003 – 6.plass
  • EM 2004 – Gull
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • VM 2007 – Sølv
  • OL 2008 – Gull

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Katja Nyberg – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • Biografi på Eurohandball.com