Handball-NM 2009/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2009 for kvinner vart vunne av Larvik Håndballklubb etter finalesiger 33 – 22 over Byåsen Idrettslag frå Trondheim.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøvik og Vardal – Larvik HK 15 – 24
  • Byåsen IL – Nordstrand IF 25 – 23

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum onsdag 30. desember 2009 framfor 3 390 tilskodarar. Larvik drog frå allereie frå start og leia 18 – 13 ved pause. I den andre omgangen auka forspranget jamnt og trutt, til sist skilde det elleve må mellom dei to finalistane.

Linn Sulland prikka inn heile 12 mål for Larvik. Heidi Løke skåra 8 gongar, Tine Stange og og Kari Mette Johansen stod for kvar sine 4 mål, medan Tonje Larsen og Tine Kristiansen noterte seg for høvesvis 3 og 2 nettkjenningar. Lene Rantala var målvakt.

Byåsen-måla kom frå Iva Zamorska 8, Camilla Herrem 4, Raja Toumi 2, Gina Lorentsen 2, Gøril Snorroeggen 2, Ida Alstad, Marit Malm Frafjord, Mari Molid og Inga Berit Svestad, 1 mål alle. Målvakt: Kari Aalvik Grimsbø.

Dommarane straffa Larvik med tre 2 minutts-utvisingar, Byåsen med ei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]