Mari Molid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mari Molid


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1990 (33 år)
Trondheim
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016

Mari Kristine Søbstad Molid (fødd 8. august 1990) er ein norsk handballspelar frå Trondheim som sidan 2016 spelar på danske Randers HK. I perioden 2010-16 vann ho to VM-gull, eitt EM-gull og OL-bronse med det norske handballandslaget. Molid er ein høgrehendt rykkrom-spelar med «meget gode forsvarskvaliteter».

Molid var i yngre år medlem i Kolstad IL, før ho i tida 2006-12 var aktiv på det norske topplaget Byåsen IL. Deretter spelte ho i to sesongar på Levanger HK (2012-14) og like lenge i Larvik HK (2014-16). Sommaren 2016 flytta ho over til danske Randers.

Molid debuterte på landslaget mot Sverige 22. september 2010, og fekk plass i mannskapet som tok gull i handball-EM 2010 mindre enn tre månader seinare. Eitt år etterpå vart ho også verdsmeister då Noreg vann VM-finalen 2011 i Sao Paulo med åtte mål over Frankrike. Ho var korkje med i Sommar-OL 2012 eller handball-EM same året, men deltok handball-VM 2013. Etter å ha vore utelaten frå EM-troppa 2014, kom ho tilbake og vart verdsmeister for andre gong i 2015. Under Sommar-OL 2016 spelte ho på det norske bronselaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM 2010: Gullmedalje etter 25-20 mot Sverige
  • VM 2011: Gullmedalje etter 32-24 mot Frankrike
  • VM 2013: Nr 5 med Noreg
  • VM 2015: Gullmedalje etter 31-23 over Nederland
  • Sommar-OL 2016: Bronsemedalje etter 36-26 over Nederland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]